Hopp til innhold

Flykutt dramatisk for Røros

Konkursen i Coast Air er dramatisk for innbyggarane på Røros.

Fly fra Coast Air
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- No er vi heilt utan flysamband. Røros er jo eit av reiselivsflytårna i fylket og kan ikkje vere det, seier ordførar i kommunen Hans Vintervoll til NRK Trøndelag.

Kansellerer alle fly

Styret i Coast Air bestemte seg for å slå Noregs fjerde største flyselskap konkurs i eit møte natt til onsdag.

Selskapet som dagleg flyg mellom anna strekninga Røros-Gardermoen og Røros-Værnes kansellerer alle flygingar med straksverknad.

Ifølge eigaren, Trygve Seglem, blir rundt 400 passasjerar råka allereie onsdag.

- Passasjerane har i bunn og grunn tapt pengane sine. Dette er ein vanleg konkurs, seier Seglem til NTB.

Les også: Slutt på fly til Røros  

Auke i trafikken

Den siste tida har Coast Air hatt både morgonfly og kveldsfly frå Røros.

- Det har vore bra auke i trafikken over Røros den siste tida. No er vi den regionen i landet som vil bruke lengst tid på å komme oss til sentrale delar av Austlandet, seier Vintervoll.

Han er usikker på kva kommunen vil gjere dei næraste dagane for å freiste å oppretthalde eit flytilbod til og frå Bergstaden.

Viktig for næringslivet

Dei som livnærer seg av reiseliv på Røros har satsa kraftig dei siste åra. Det er også mange utbyggingsplanar på gang og eit godt utbygd flytilbod er veldig viktig for regionen, meiner ordføraren.

- Dette vil bli ei prioritert oppgåve som vi er nøydd til å ta fatt på med ein gong, seier Vintervoll.

I tillegg til daglege flygingar til og frå Røros har selskapet flydd til og frå Haugesund, Bergen, Sandefjord, Oslo, Fagernes, Trondheim, Molde, Stord, Bodø, Andenes, Tromsø og Stockholm.