Hopp til innhold

Frikjenner mann for valdtekt

Ein mann i 40-åra blei dømt til ni år i fengsel for å ha valdteke to kvinner.

No frifinn Frostating lagmannsrett mannen for valdtekta mot ei av kvinnene, sambuaren sin.

Han er framleis dømt for valdtekt av den andre kvinna, men straffa er no redusert frå ni år til fire år og to månader i fengsel.

Eit nytt videoopptak gjer at lagmannsretten meiner det er tilstrekkeleg tvil om det var valdtekt av sambuaren.

Sambuaren var fastlåst til ein gapestokk ved dei tre høva mannen no er frifunnen for.

Det var Adresseavisen som omtalte frifinninga først.

gapestokk- brukt i BDSM- og eid av tiltalte i voldtektssak i Trøndelag tingrett 2023

Valdteken i gapestokk tre gonger – tiltalte dømd til ni år i fengsel

Ein mann i 40-åra i Trondheim er dømd til ni år i fengsel for å ha valdteke to kvinner. Den eine var fastlåst i ein gapestokk under overgrepa.