Noregs første eigne apotek for homeopatimedisin blir også landets største lager av slike naturmedisinar.
Sukkerkuler
Sukkerkuler og homeopatmedisin har vore akkurat det samme for mange. Men etterspurnaden etter naturmedisin har berre auka og auka, og når landets første homeopatmedisinske apotek opner i tilknyting til Løveapoteket i Trondheim, er det eit symbol på at sukkerkulene har vorte meir stovereine enn nokon gong:
- Naturmedisinen har vore på bakrommet i alle apotek, og det har aldri vore moglegheit for å plassere hyllene fram. No ønskjer vi å gjere homeopatimedisin synleg, for det er ein veldig brukt og kjent medisin, seier Trine Carstens som er homeopat ved Vitusapotekene.
Største lager av naturmedisin
Løveapoteket har allereie i dag landets største lager av homeopatiske middel. I ein liten krok av det ordinære apoteket gjer dei tilsette så godt dei kan. Her er det både trangt og travelt:
Homeopat Trine Carstens.
- Då vi kom ned i Byhaven, synest vi at vi hadde det veldig fint med stor god plass, men no er det for lite for oss, seier apotektekniker Eli Lund.
Med nye kvadratmeter både til lager og butikk endrer røyndommen seg til det betre både for tilsette og kundar.
- Når folk går til ein homeopat går det vanlegvis veldig lang tid før dei får medisinen. No er vi i den situasjonen at vi kan levere det aller meste på dagen. Det har aldri før vore så rask levering som den vi kan gi no, seier Carstens.