Hopp til innhold

Forskar på 100 års sjukehushistorie

- Dette har aldri vore gjort før, seier Øyvind Thomassen. No set han i gong forskinga på den hundreårige historia til Reitgjerdet sjukehus i Trondheim.

Reitgjerdet sjukehus i 1870

BLIR FORSKA PÅ: Reitgjerdet sjukehus sine pasientjournalar blir no forska på.

Foto: Strinda Historielag

Øyvind Thomassen

FORSKAR: Øyvind Thomassen ved NTNU håper ei gruppe av forskarar blir med på prosjektet.

Foto: Christina Yvonne Olsen, St Olavs Hospital

Sjukehuset opna i 1895. Då var det eit kriminalasyl. Deretter har det gått gjennom fleire epokar til det vart avvikla som Reitgjerdet sjukehus i 1987.

Heile denne historia har no Thomassen og hans samarbeidspartnerar tilgang til i det arbeidet dei tek til med.

- Eg har søkt i heile verda for å finne ut om det fins noko samanhengande materiale frå kriminal- og sikkerheitspsykiatrien, og dette ser ut til å vere det einaste som eksisterer, seier han.

No set dei i gong med hjelp frå masterstudentar, doktorgradsstudentar og fleire andre for å få oversikt over alt materialet som dei har tilgjengeleg.

- Hensikta er å få eit blikk på asylpsykiatrien og kriminologien, slik dei vart utøvd i eit asyl gjennom 1900-talet. Det heilt spesielle er at me har eit materiale som strekkjer seg over 100 år, så me får eit samanhengande blikk over korleis denne pasientgruppa vart behandla gjennom hundre år, seier Thomassen.

Stress, depresjon eller idioti

Det har tidlegare vore gjort mykje arbeid rundt dei idéhistoriske sidene av psykiske lidingar og sinnsjukdom, men ein veit lite om korleis psykiatrane jobba, seier Thomassen til St. Olavs Hospital si nyheitsnettside Pulsen .

Mange av dei som var pasientar på Reitgjerdet ville truleg i dag fått diagnosar som depresjon, stress eller ADHD.

- Idioti og imbesillitet går igjen i journalane, seier Thomassen.

- Om lag 20 prosent av pasientane fekk ei idioti-diagnose.

Sikre, ordne, forske

Thomassen har eit mål om at dei no skal få med seg ei gruppe med forskarar på prosjektet. Allereie er Norsk Rettsmuseum, Brøset kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri og fleire forskingsmiljø ved NTNU med på prosjektet.

- Det me har satsa på til no er å sikre materialet, for det har vore lagra, men ikkje vore ordna. Fyrst må me få ei oversikt, så må me tilrettelegge for forsking, så skal me forske, fortel han.

Unik situasjon

Det fins mange liknande institusjonar rundt om i verda, men ingen av dei har greidd å spare på journalane sine på same måten som det har skjedd ved Reitgjerdet.

- Dei hadde så mange pasientar at dei fortløpande kasserte materialet, fordi dei ikkje hadde moglegheit til å handtere det. Her var mengden trass alt så pass liten at dei la det vekk og til sides. Så me er i ein heilt unik situasjon, seier han.

130 hyllemeter med arkivmateriale skal no gjennomgåast og forskast på. Deretter kjem oppgavene som blir resultatet.

- Forhåpentlegvis blir det samanfatta noko som blir tilgjengeleg for folk flest, seier forskaren.