Studentar føler seg feil framstilte: – Urettferdig å gje oss skulda for smitteauke

Koronasmitten aukar mest blant unge i 20-åra. Studentar som sit tett saman i parkar på faddervekearrangement har dei siste dagane fått massiv kritikk for å ikkje halde avstand.

Fadderveke i Trondheim

SMITTEAUKE: Koronasmitten aukar mest blant unge vaksne i 20-åra. Faddergruppene må ta forholdsreglar for å unngå ytterlegare smitteauke.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I vår fekk årets russ skryt av helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) for at dei avlyste russetida si, og forstod alvoret av koronapandemien.

«Neste sommar finst ikkje når du er ung,» sa helseministeren då han hylla ungdommen i slutten av april.

Dei siste dagane har Høie likevel løfta peikefingeren mot den same aldersgruppa, som no er førsteårsstudentar og deltek på faddervekefestar i parkane i fleire av landets største byar.

Folk i 20-åra er på smittetoppen for både juli og august, ifølge VG.

Fadderveke ved Festningen i Trondheim

FESTNINGEN: Måndag kveld var fleire faddergrupper samla på uteområdet utanfor Festningen i Trondheim.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Forklaringa er festing og sosiale samankomstar med mykje alkohol og lite smittevern. Festglade studentar har blitt oppfordra til å dempe festinga dei siste dagane.

– Dersom smitten aukar mykje, må vi stenge landet igjen, åtvara helseministeren i går.

– Flinke til å halde avstand

På Tyholt i Trondheim møter NRK dei nye studentane Ida Marie Nystuen (20), Eir Marie Delphin Akerhaugen (22) og Ingrid Maurstad Brendløkken (19) som alle skal studere historie.

– Det er lett å skulde på ungdommane. Det er urettferdig, meiner Akerhaugen.

Ho påpeikar at koronaviruset har inkubasjonstid i opptil to veker.

– Fadderveka starta for eit par dagar sidan. Då er det litt rart at vi får skulda for smitteauken. Vi gjer alt vi kan for å ikkje bidra til smitteauke framover.

Jentene synest faddergruppene stort sett er flinke til å overhalde éinmetersregelen.

Fadderveke i Trondheim

HELD AVSTAND: Førsteårsstudentane Ingrid Maurstad Brendløkken (19), Ida Marie Nystuen (20) og Eir Marie Delphin Akerhaugen (22) meiner faddergruppene stort sett er flinke til å halde avstand.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

– Fadrane har vore veldig flinke til å be oss sprite hendene. Vi prøver å halde avstand, seier Nystuen.

– Vi forstår alvoret, men vi synest ikkje ein bør droppe heile fadderveka. Det blir lett å skulde på oss, sidan vi er samla i litt store grupper, seier Brendløkken.

– Slutt å skulde på ungdommen

«Erkjenn feilen. Ta ansvar. Og for all del: Slutt å skylde på ungdommen!»

Slik lyder starten av ein fersk kronikk UiO-student Julius Grasaasen har skrive på NRK Ytring. Han har fått god respons. Kronikken er no lest av over 350.000.

– Ungdommane blir gjort til syndebukkar og det føler eg er litt unyansert, seier Grasaasen.

Nordmenn blei oppfordra til å feriere i Noreg i år og unngå unødvendige utanlandsreiser. Fleire nordmenn trassa likevel myndigheitene sine reiseråd, og reiste til utlandet då landegrensene opna til Europa 15. juli.

– Å legge all skuld på ungdommen er urettferdig, med tanke på den importen av smitte ein har hatt, seier Grasaasen.

Grasaasen skreiv kronikken fordi han meiner media har hatt eit einsidig fokus. Han ville ha fram perspektivet om at myndigheitene faktisk valde å opne landegrensene.

Julius Dalen Grasaasen

KRONIKKFORFATTAR: UiO-student Julius Grasaasen synest det blir feil å gje ungdommen skulda for auken av koronasmitte den siste tida.

Foto: Privat

Kvifor peikar du på opninga av grensene når smitten aukar mest blant unge?

– Det er først etter at grensene opna at smitten har sirkulert rundt på ungdomsfestane, seier Grasaasen og legg til:

– Ein må erkjenne at smitten kjem utanfrå, og det er den ungdommen spreier vidare.

Helseministeren: – Ingen skal føle skam eller skuld

– Ingen skal føle på verken skam eller skuld, men alle må ta ansvar, sa helseminister Bent Høie (H) på dagens pressekonferanse.

Ifølge helseministeren ser det ut som unge i 20-åra har gløymt råda og reglane oftare enn andre.

– Stadig fleire i denne aldersgruppa blir smitta på festar med altfor lite avstand og altfor mange folk, seier han.

Koronavirus

METERSTOKK: Før sommarferien ville helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) minne alle om kor lang éin meter er ved å ta fram meterstokken. Han gav klar beskjed om at dette er den beste beskyttelsen vi har mot spreiinga av koronaviruset.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Helseministeren meiner det er heilt klart at årsaka til auken av koronasmitte er samansett.

– Noko av det skuldast meir reising og noko skuldast at viruset har vore i det norske samfunnet heile tida.

– Kvifor er det dei unge som får peikefingeren og ikkje alle dei som har vore på grensehandel eller reist til utlandet?

– Ingen får noko peikefinger av meg. Viruset var i samfunnet då vi tok sommarferie. Uavhengig av importsmitte eller ikkje, ville viruset spreidd seg, påpeikar Høie.

– Faddervekene blir feil framstilte i media

– Det blir feil å skulde på éi aldersgruppe når det er eit så komplekst smittebilete, seier Frederick Nilsen, leiar for Nabla, linjeforeininga for fysikk og matematikk ved NTNU.

Nilsen reagerer på det han kallar ei «einsidig og negativ» pressedekning av studiestart og fadderperioden.

– Det er ein brøkdel av dei nye studentane som bryt smittevernreglane, men dei blir fort lagt merke til, hevdar han.

Frederick Nilsen

FEIL FRAMSTILLING: – Majoriteten overheld éinmetersregelen, meiner Frederick Nilsen, leiar for Nabla, linjeforeininga for fysikk og matematikk ved NTNU.

Foto: Andreas Andersen Hennig / Prokom

Han trur likevel mange har misforstått inndelingane på maks 20 personar i kvar faddergruppe.

– Éinmetersregelen gjeld uansett om det er innanfor faddergruppene eller ikkje. Det er ikkje noko unnskyldning, fastslår han.

Nilsen meiner faddervekeopplegget er godt organisert.

– Det er alltid ein fadder som skal vere edru, slik at vedkommande kan passe på at faddergruppa overheld éinmetersregelen.

Dei siste dagane har faddervekearrangement blitt avlyst fleire stader i landet. Mange har tatt til orde for at årets fadderveker bør avlysast heilt, men det ynskjer ikkje høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

– Det er heilt uaktuelt at vi skal gripe inn og komme med råd om å avlyse faddervekene. Men dei omsynslause festane må opphøyre med ein gang, sa han til NTB i går.

Status Norge

Sist oppdatert: 29.09.2020
781
Siste uke
24
Innlagt
274
Døde