Hopp til innhold

Avlyser alle fadderarrangement på kveld: – Presset blir for stort

NYGÅRDSPARKEN (NRK): Fadder Helene Utvik er uroa over det ho har sett i fadderveka. Mens andre held fram, avlyser Universitetet i Bergen alle fadderarrangement.

UiB-rektor Dag Rune Olsen går patrulje i Nygårdsparken under fadderuken 2020

REKTOR: UiB-rektor Dag Rune Olsen helsar på studentar i Nygårdsparken tysdag kveld. Han blei på ingen måte skremd over det han såg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Onsdag ettermiddag har Universitetet i Bergen (UiB) bestemt å avlysa alle arrangement i fadderveka på kveldstid.

Årets fadderveke har fått mykje merksemd for festing, brot på smittevernreglar og smitta studentar i Trondheim og Bergen.

UiB jobba lenge for å halde alle arrangement i årets fadderveke gåande. Men no set dei foten ned.

Den store belastinga på fadrar og fadderstyre er årsaka.

– Denne avgjerda skjer ikkje fordi fadrane og studentane ikkje har vore gode nok på smittevern. Men vi ser at presset når det gjeld gjennomføring og merksemda fadderveka får nasjonalt over tid blir for stort. Omsynet til studentane er sentralt.

Det seier viserektor for utdanning på UiB, Oddrun Samdal.

Avlyst mange stadar i landet

I natt gjekk ho og rektor Dag Rune Olsen tilsyn blant festande studentar i Nygårdsparken i Bergen. Der var dei imponert over oppførselen til studentane på UiB.

Fadrane Helene Utvik og Anette Philipps var blant studentane dei møtte der.

– Me passar på at studentane sit litt med avstand og at dei held seg til sine grupper. Men sjølvsagt, det er vanskeleg, seier fadder Anniken Philipps ved Høgskolen på Vestlandet.

Universitet og høgskular rundt om i landet har svært ulike løysningar på fadderveka.

Fadderene Helene Utvik og Anniken Philipps ved Høgskolen på Vestlandet

FADRAR: Fadrane Helen Utvik (t.v.) og Anniken Philipps frå Høgskulen i Vestlandet seier dei har kontroll på si gruppe, men opplever at mange bryt smittevernreglane.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Dei vil møta så mange som mogleg

Saman med Helene Utvik er ho fadder på grunnskulelærarutdanninga. Utvik har ikkje eit positivt inntrykk av studentane sitt fokus på avstand og antibac.

– Folk er ikkje veldig flinke. Dei bryt råda fordi dei er redde for å gå glipp av ting. Dei vil møta så mange som mogleg.

– Er fadderveka og desse arrangementa ein god idé?

– Kanskje ikkje dei offentlege arrangementa. Men å møta faddergruppa di på eit vorspiel eller heime hjå nokon, det synest eg er greitt, seier fadderen, og legg til:

– Det er jo ikkje greitt, men eg kan skjøna at studentane føler trongen til å møta sine klassekameratar.

– Det er viktig for fadderbarna å bli kjent med nye personar. Det gjer det lettare å ha nokon å studera med. Fadderveka er viktig, seier ein fadder for eit førsteårskull ved BI.

– Men må det gjerast på denne måten?

– Dette er jo den vanlege måte å gjera det på. Eg har ikkje fått vita om nokre andre måtar å gjera det på.

Fadderuke-samling i Nygårdsparken i Bergen

FEST: Det var fleire faddergrupper i Nygårdsparken tysdag kveld.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ville ikkje avlysa

Over heile landet har fadderveker valt å avlysa arrangement. Men rektor var lenge motvillig Dag Rune Olsen på UiB til å gjera det.

I tillegg til det sosiale, meiner UiB nemleg det er betre kontroll på kven som er saman om studentane er saman i organisert opplegg.

Seinare på onsdag bestemt dei likevel å avlyse alt av kveldsarrangement.

– Det er ingenting av det eg har sett her i dag som tilseier at me ikkje klarar å behalde det som er styresmaktene sine krav til smittevern, seier rektoren.

Men Olsen går med på at det står veldig mykje på spel, og at konsekvensane vert store om ei smittebølge oppstår mellom studentane.

– Me er opptekne av at organiserte møtestader, med smittesporing og avgrensa grupper, er viktige for smittevernet. Difor er me også opptekne av å halda på det gjennom fadderveka.

Les også: Må stengja kranene – studentane festar vidare på loftet