Arne Bye si anke over bevisbedømming og skuldspørsmålet for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.
Det opplyser Frostating lagmannsrett i ei pressemelding.
Tiltalepostane omfattar til saman 13 kvinner.
Det betyr at lagmannsretten skal gjere ei ny vurdering i om Bye er skuldig overfor dei.
Endeleg avgjort for 63 fornærma
Samstundes har lagmannsretten kome fram til at Bye si anke for 80 skuldspørsmål ikkje blir fremma.
Det omfattar til saman 63 kvinner.
Ved ein rettskraftig avgjerd betyr dette at spørsmålet om straffskuld er endeleg avgjort ved tingretten sin dom, opplyser lagmannsretten.
Lagmannsretten vil også behandle dei sivile krava på nytt for postane som er bestemt at skal gå i ei ankeforhandling.
Vil ha ny vurdering av om dei var ute av stand til å motsette seg
– Me meiner at ein del av postane som omhandlar valdtekt må bli behandla på nytt.
Det sa forsvarar Frode Wisth til NRK i forbindelse med Bye si anke over dommen frå tingretten.
Den tidlegare kommuneoverlegen blei dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett.
Tingretten fann Bye skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av å misbruke sin stilling for å oppnå seksuell omgang.
Forsvararane har tidlegare sagt til NRK at dei ikkje anka alt Bye var dømd for, men vil ikkje talfeste kor mange av punkta han blei funnen skuldig i dei anka.
I eit støtteskriv spesifiserte forsvararane kva dei ønsker behandla på nytt i lagmannsretten.
– Og da er det uttrykket «ute av stand til å motsette seg» som vil vere gjenstand for drøfting, sa Wisth.