Hopp til innhold

Pågripen etter mistenkeleg dødsfall: – Sikta dotter er lauslaten

Laurdag vart ei kvinne i 80-åra funnen død i Trondheim. Dottera er sikta, men nektar straffskuld.

Saupstad i Trondheim

FUNNEN DØD: Den avdøde kvinna var aleine i huset då ho blei funnen død laurdag.

Foto: Emilie Henie Sørsdal / Emilie Henie Sørsdal

Politiet fekk ei bekymringsmelding i 13-tida laurdag. Då dei kom fram til adressa i Trondheim, fann dei ein død person. Den avdøde er ei kvinne i 80-åra.

– På bakgrunn av funn på staden vart dødsfallet sett på som mistenkeleg, og vi sette i gang etterforsking, seier politiadvokat Ole Andreas Aftret.

Dottera sikta

Laurdag blei dottera til avdøde, ei kvinne i 50-åra, pågripen. Ho er sikta for å ha forlate mora i hjelpelaus tilstand. Søndag blei ho lauslaten.

– Bakgrunnen for dette er at politiet vurderer at det ikkje er fare for tap av bevis i saka, og at det dermed ikkje er grunnlag for vidare fengsling, seier Aftret.

Det er advokat Kolbjørn Lium som er forsvararen hennar.

– Det er ikkje ønskeleg å gå noko nærare inn på innhaldet i avhøyret utover at klienten min nektar straffskuld, skriv han i ei tekstmelding til NRK.

plombert dør mistenkelig dødsfall på Saupstad i Trondheim, 24.02.2024.

Politiet undersøker om det har skjedd noko kriminelt i saka, eller om dødsfallet var naturleg.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Blir obdusert måndag

Aftret presiserer at den sikta ikkje er mistenkt for å ha forårsaka dødsfallet.

– Siktinga dreier seg om ikkje å ha gitt naudsynt hjelp til den som var i hjelpelaus tilstand, seier han.

Det vil bli gjennomført obduksjon av avdøde måndag for å fastslå kva dødsårsaka er.

– Før obduksjonen er gjennomført er det ikkje grunnlag for å seie noko om dødsfallet kjem av ei straffbar handling eller ikkje, seier han.

Politiet ønsker ikkje å gi ytterlegare informasjon i saka søndag. Dei etterforskar breitt og jobbar med fleire etterforskingssteg for å klarlegge omstenda rundt dødsfallet.

Politibil ved burettslaget til avdøde laurdag.

Fleire politipatruljar gjorde undersøkingar ved ei adresse på Saupstad i Trondheim laurdag.

Foto: Bertil Lernæs