Hopp til innhold

Er det greitt å gå i shorts på jobb?

Det finst faktisk ein fasit.

Illustrasjonsfoto. To menn står og snakker sammen i en kantine. Den ene mannen har på seg hawaiiskjorte og rød shorts. Den andre mannen har på seg beige genser og svarte langbukser.

ÅRLEG DEBATT: Kvart år blussar diskusjonen om det er greitt med shorts på jobb eller ikkje opp igjen. Illustrasjonsfoto.

Foto: Elina Rydland Ørnhaug / NRK

Dagane på kontoret er lange når gradestokken kryp opp mot 30 varmegrader.

Dressjakka er kvelande, dongeribuksa stram og klam, og tærne skrik etter luft.

Då kan det vere freistande å kle seg litt lettare, men er det greitt å finne fram shorts og sandalar?

Det er det delte meiningar om.

Illustrasjonsfoto. En mann sitter på jobb foran en datamaskin. Mannen har på seg hodetelefoner, hawaiiskjorte og matchende shorts og slips.

Illustrasjonsfoto. Nokon vil gjerne kle seg litt sommarleg når sommaren kjem. Men kva er greitt og ikkje å gå i på jobb?

Foto: Elina Rydland Ørnhaug / NRK

Sende ut e-post

Tidlegare i sommar sende Endre Skjervø, kommunedirektør i Frosta kommune, ut ein e-post til alle dei tilsette i kommunen.

«Shorts, sandalar og liknande, singlet og hawaiiskjorte er kjempefine klede til ferie og fritid, la derfor disse plagga vere i skapet når du drar på jobben» skreiv han i e-posten.

– Sånn at ikkje klede blir det som forstyrrar bodskapen vi prøver å fortelje og vise innbyggarane, at du skal kunne stole på Frosta kommune, seier han til NRK.

Men han meiner det må vere mogleg å gjera unntak.

– På det som no ligg an til å bli årets varmaste dag er det ganske opplagt at ein må ha lette sommarklede på jobb, seier han.

Då synest han at det er greitt med både shorts og sandalar, men generelt meiner han det er viktig at dei tilsette tenkjer over kva dei kler seg i på jobb.

Sjølv har han på seg skjorte og bukse.

Endre Skjervø og de ansatte i ledergruppa i Frosta kommune. Hele ledergruppa er ikledd lette sommerklær for å tulle med Skjervø som sendte ut en e-post om at dette burde unngås.

Då kommunedirektør Skjervø (til venstre) skulle ha møte med leiargruppa i Frosta kommune etter han sende e-posten, hadde alle tatt på seg lette sommarklede for å tøyse med han.

Foto: Privat

– Kle deg etter rolla di

Helene Trondstad Moe er førsteamanuensis ved Institutt for leiing og organisasjon på Høgskulen Kristiania. Ho seier at folk tenkjer forskjellig når dei vel klede til jobb og fritid.

– Det har seg slik at val av klede ofte, i Noreg, blir sett på som ein del av det individualistiske prosjektet. Gjennom korleis vi kler oss skal vi liksom vise kven vi er som personar.

– Samtidig så veit vi at arbeidsantrekk er uløyseleg knytt til verdiane våre. Det har med autoritet å gjere, tillit, respekt, vise status og også markere avstand, seier ho.

Er det greitt med shorts på jobb?

Moteekspert i TV 2, Marianne Jemtegård, seier det er viktig å kle seg etter rolla si. Kva som er eit passande arbeidsantrekk meiner ho er avhengig av situasjonen, kven du er og kven du skal møte i løpet av arbeidskvardagen.

– Om du skal i ei gravferd og presten møter opp i shorts og slippers, vil nok mange tenke at det er mangel på respekt, seier ho.

– Kle deg med tanke på den rolla du går inn i når du er på jobb, ikkje berre den du er privat.

TV2s mote-ekspert Marianne Jemtegård

Marianne Jemtegård er moteekspert i TV 2.

Foto: Fraxx forlag

Det er Tronstad Moe einig i.

– Om ein jobbar som gymlærar eller ute i ein barnehage er det sjølvsagt greitt med shorts.

– Men om ein jobbar som rektor eller i offentleg administrasjon kor ein heile tida har brukarar innom og skal vise profesjonalitet, så er det jo greitt å følge den kleskoden som er på arbeidsstaden du er tilsett, seier ho.

Helene Tronstad Moe

Helene Tronstad Moe førsteamanuensis ved Institutt for leiing og organisasjon på Høgskulen Kristiania.

Foto: Jonatan A. Quintero / Høyskolen Kristiania

Sjefen er sjefen

Hans Gjermund Gauslaa er juridisk rådgivar i HR-bedrifta Simployer. Han seier det er arbeidsgjevar som har styringsretten i arbeidsforholdet.

Det betyr at sjefen kan bestemme kva du skal gjera på jobben og kva type klede du kan gå i.

– Nokre arbeidsgivarar bestemmer at dei tilsette skal ha ein litt formell klesstil, som for eksempel kan bety at det ikkje er greitt å bruke shorts på jobb, fortel han.

Illustrasjonsfoto. To kollegaer møtes i gangen på jobb. Den ene har på seg hawaiiskjorte og rød shorts. Den andre har på seg beige genser og svart langbukse.

Illustrasjonsfoto. Det er delte meiningar i debatten om shorts på jobb. Nokre meiner fargerike, lette klede bør vere lov. Andre meiner det er useriøst.

Foto: Elina Rydland Ørnhaug / NRK

Men alt sjefen bestemmer at du skal gjere, må ha ei sakleg grunngjeving

– Dersom arbeidsgjevar meiner at dei tilsette skal framstå på ein bestemt måte overfor kundar eller brukarar, og derfor ønskjer at det skal vere ein formell klesstil, så vil det vere ein sakleg grunn til å seie at «shorts er ikkje greitt hos oss», forklarar Gauslaa.

Arbeidsgjevar kan ikkje krevje at dei tilsette går i spesielle klede på dagar dei har heimekontor. Det er ikkje sakleg grunn.

Hans Gjermund Gauslaa har på seg en brun genser over en blå skjorte. Han lener seg mot en benk og ser inn i kamera.

Hans Gjermund Gauslaa er juridisk rådgivar ved HR-bedrifta Simployer.

Foto: Simployer

På veldig varme dagar bør sjefen vurdere å lette kleskodane, meiner Gauslaa.

– Men dette er noko arbeidstakar eventuelt må ta opp med arbeidsgjevaren sin. For i og med at det er arbeidsgjevar som har styringsretten, er det ikkje opp til arbeidstakaren sjølv å bestemme dette.

Les også Kaller BMI-skalaen upresis: Amerikanske leger blir bedt om å bruke den mindre

BMI-grafikk.