Hopp til innhold

Mann i 60-åra funnen død i sjøen på Ranheim

Ein person er funnen død i sjøen på Ranheim i Trondheim. Politiet har ikkje mistanke om at det skal ha skjedd noko kriminelt.

Politiet på plass hvor en død person er funnet i vannet på Ranheim

FANN DØD PERSON: Politiet er på plass på Ranheim, der det er gjort funn av ein død person i sjøen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Mannen blei funnen i Trondheimsfjorden ved Grilstad Marina på Ranheim.

– Det var ein som bur i området som varsla politiet, opplyser innsatsleiar Håkon Jørgensen til NRK.

Han fortel at vedkommande såg ein person i vatnet mellom båtane i småbåthamna på Grilstad Marina.

– Krimteknikarar er på staden og gjer undersøkingar, seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Ellen Maria Brende.

Ikkje mistanke om noko kriminelt

Politiet fekk melding om funnet kl. 09.10 måndag morgon. Klokka 10.30 opplyser Brende at personen er ein mann i 60-åra.

Den avdøde vil no bli obdusert. Politiet har ikkje mistanke om at det skal ha skjedd noko kriminelt, men vil halde fram med undersøkingar og etterforske saka.

Grilstad Marina

RANHEIM: Politiet har ikkje mistanke om at det skal ha skjedd noko kriminelt med den avdøde.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Vi kjenner identiteten til mannen, og held på med å varsle dei pårørande, seier operasjonsleiaren til NRK like før klokka 11.30.

Sjekkar videoovervaking på staden

Patruljar frå politiet var på staden og sjekka videoovervaking i området.

– Det er for tidleg å seie noko om kor lenge personen har lege i vatnet, seier Brende.

Vaktleiar ved brannvesenets 110-sentral, Frank Hansen, fortel at deira mannskap kom med båt og fekk frakta den avdøde til land.

GRILSTAD MARINA: Mannen er funnen død i Trondheimsfjorden.