Hopp til innhold

Sel avdød sambuar sine eigedelar for å redde baren frå konkurs

– Det har vore veldig tøft dei siste åra. No er det krise, seier pubeigar.

Ståle Solem og Aina Catrine Hammern.

KJÆRASTAR: Ståle Solem og Aina Catrine Hammern dreiv pub saman før han døydde.

Foto: Privat

Ifølgje Virke er det mange som opplever skjenkestoppen slik.

Laurdag denne veka arrangerer Aina Catrine Hammern loppemarknad med eigedelane til sin døde mann for å redde livsverket hans. Rockepuben Good Omens i Trondheim.

– Det følast litt sårt. Det er det som er igjen etter Ståle.

– Det er viktigare å ta vare på baren vår og arbeidsplassane til dei tilsette som no er permittert, seier Hammern.

Aina Catrine Hammern, eier av utestedet Good Omens i Trondheim.

KRISESAL: Aina Catrine Hammern held loppemarknad i Trondheim på laurdag.

Foto: Privat

No er det krise

Ho har tidlegare fortalt om den vanskelege situasjonen til både Adresseavisen og Nea radio.

– Sidan vi flytta til nye lokale på slutten av 2018 har vi hatt eit dødsfall, seks vasslekkasjar og ein pandemi. Så det seier jo seg sjølv at det har vore tøft, seier Hammern.

I desember prioriterte ho å betale løn til dei tilsette. Det førte til ei materielt sett ganske stussleg jul for ho sjølv.

No håper ho at salet av samlingane til den avdøde sambuaren hennar, hundrevis av brettspel, filmar og dataspel held dei flytande dei neste vekene. Fram til regjeringa opnar kranene eller innfører ein kraftigare kompensasjonsordning som gjer at baren ikkje går i minus.

Aina Catrine Hammern selger avdød samboers film, spill -og platesamling for å redde baren Good omens

KRISE: Aina Catrine Hammern sel private eigendelar for å halde baren sin i drift.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

For pengane dei får gjennom dagens støtteordningar er ikkje nok til å halde baren (som er kalla opp Terry Pratchett og Neil Gaiman sin fantasyklassikar) frå å gå i minus, ifølgje Hammern.

– Så klart skal styresmaktene prioritere liv og helse, det skjønner vi, men for nokon er rock 'n' roll livet, seier Hammern og ler litt før ho igjen blir alvorleg.

– Det har vore veldig tøft dei siste åra. No er det krise, seier ho.

Mange bedrifter slit

Virke, som er hovudorganisasjonen for handels- og tenestenæringa og bindeleddet mellom arbeidsgivarane og styresmaktene, fortel at veldig mange er i same situasjon som dei.

Administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen fortel at mange slit.

– Når eg snakkar med folk som Aina så er dei gråare i ansiktet no enn dei var i mars 2020, seier han.

Mange har brukt alle dei oppsparte pengane sine, fått kriselån, utsett avgifter og har no ingen inntening, fortel Kristensen.

– Akkurat då dei skulle hente seg inn igjen kom den siste nedstenginga rett før jul.

Etter at regjeringa innførte skjenkestopp i desember vart det særleg vanskeleg å tene pengar for barar som Good Omens som i praksis tener alle pengane sine på øl, sprit og konsertar.

Vil ha slutt på skjenkestopp

Virke meiner det er klokkeklart at den nasjonale skjenkestoppen må opphøyre.

– Det er ikkje grunnlag for den smittevernmessig. Den slår for hardt inn mot Aina og andre i utelivet. Vi meiner og at vi må få koronasertifikat slik at det er mogleg for folk å drive på ein trygg måte med minst mogleg restriksjonar, seier Kristensen.

Hammern trur dei kunne tent nok sjølv med strenge restriksjonar på skjenkinga.

– Hadde vi fått å selje alkohol fram til klokka 22 hadde vi truleg klart å halde hjula i gang med lønskompensasjon, seier ho.

Ventar faglege råd denne veka

Søndag sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til Dagbladet at han ønsker oppheving av nasjonal skjenkestopp denne veka, dersom det ikkje kjem tunge faglege råd mot det.

– Normalen må vere å ha et så ope samfunn som mogleg. Målet er opne kraner, sa Vedum til avisa.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier i dag til NRK at han ikkje vil ikkje gå like langt som sin finansminister, men at han forstår at Vedum har lyst til å opne meir.

– Vi må ha ein open og ærleg diskusjon om det. Vi ønsker ikkje å ha tiltak ein dag lenger enn nødvendig, sa Støre.

På spørsmål om han var samd med Vedum i at ein skal oppheve skjenkestoppen dersom faglege råd seier det, svarte Støre:

– Dersom faglege råd seier det, så sjølvsagt.

Men han er ikkje sikker på at regjeringa vil få slike faglege råd dei neste dagane.

Statsministeren er derimot sikker på at det ikkje vil bli innført noko koronasertifikat med det første.

– Vi må ha tiltak. Det er mange spørsmål rundt koronasertifikat. Det kjem ikkje som eit vedtak denne veka. Det må vi greie ut nærmare, sa Støre til NRK i dag tidleg.