Hopp til innhold

– Vi storkoste oss under Nobel-forelesingane

– Det å kombinere eksakt vitskap med høg fagleg kvalitet med humør og utradisjonell framføring, det er heilt spesielt, seier ein stolt NTNU-rektor etter Nobel-forelesingane til Edvard og May-Britt Moser.

May-Britt Moser holdt nobelforelesning

Nobelforelesinga til May-Britt Moser hausta enorm applaus.

Foto: JANERIK HENRIKSSON / NTB scanpix

Gunnar Bovim

Rektor ved NTNU, Gunnar Bovim.

Foto: Åge Hojem / NTNU

Gunnar Bovim var i salen da nobelprisvinnarane heldt foredraga sine i Stockholm, og han er stolt over de eminente forskarane.

– Vi fekk høyre tre gode foredrag, først frå John O’Keefe som la vekt på historisk utvikling fram til i dag. Så kom våre to fantastiske nobelprisvinnarar. Edvard fortalde historia om korleis dei har arbeidd seg opp, og om korleis heile tenkinga rundt hukommelse, stadsans og åtferd har endra seg gjennom tiåra.
Så gjekk han inn på forskinga som dei har bidratt med, og kva dei kjem til å bidra med framover, fortel Gunnar Bovim.

Utradisjonelt av May-Britt Moser

May-Britt Moser fekk avslutte.

– Ho valde ein litt ledigare stil, mellom anna med videoinnslag, musikk og aktivisering av forsamlinga. Eg trur nok at dette var eit litt utradisjonelt nobelforedrag, seier Bovim.

– Det var sikkert eitt og anna augebryn som heva seg, men vi storkoste oss, ler rektoren.

Han innrømmer at delegasjonen frå Trondheim og NTNU var litt ekstra spente.

– Men det var fantastisk hyggeleg og lærerikt og godt å få sjå alt saman i samanheng, seier han.

Enorm applaus

Twittermeldingar frå folk som var i salen, tyder på at ekteparet Moser, og særleg May Britt, gjorde nobelforedraget til ei oppleving.

– Svenskane er hakket meir formelle enn vi er, så eg trur ikkje dei er så vande med utradisjonelle innslag. Likevel har eg fått berre positive reaksjonar, seier Bovim.

Applausen var enorm da foredraga var ferdige.

Moser-paret la òg fram ny forsking. Dei viser litt meir av kompleksiteten i gittercellene og korleis ulike gitterceller kan supplere kvarandre, seier Bovim.

– Dette er eit nobelforedrag som vil bli huska lenge, og dette er forskarar som vi vil høyre mykje meir frå i åra som kjem, seier NTNU-rektoren.