Etter at Jourdain vart delvis permittert frå jobben sin, som følgje av koronapandemien, registrerte han seg som arbeidssøkar hos Nav.
I førre veke fekk han eit brev.
Der skriv Nav at informasjonen frå CV-en hans kan ha blitt brukt «til andre formål enn rekruttering».
– Dette svekkjer tilliten min til Nav, seier Jourdain.
I brevet ber dei han om å vere merksame på teikn på identitetstjuveri. Og lenker deretter til politiet sin informasjonside om dette.
No er Jourdain redd for at nokon skal misbruke opplysningane han delte med Nav.
– Eg er redd for identitetstjuveri. Eg har blitt hacka før, då vart eg svindla for pengar. Eg er redd for at noko slikt skal skje igjen, seier han.
Jourdain ønskjer ikkje at NRK skal bruke etternamnet hans i denne saka. Årsaka er at han er redd for ID-tjuveri.
Kravde at arbeidsgjevarar kunne sjå CV utan lov
Som alle personar, som er under oppfølging frå Nav, bad dei Jourdain om registrere CV sin på arbeidsplassen.no.
Dette har vore eit krav frå Nav, men i førre veke fann etaten ut at dei faktisk ikkje har lov til å krevje det.
REDD FOR ID-TJUVERI: Jourdain er ein av fleire hundre tusen som er råka av personvernbresten til Nav. Han fryktar nokon skal misbruke informasjonen frå CV-en hans.
Foto: Privat– Kan fortelje mykje
– Eg forstår at han er bekymra. Opplysningar i ein CV kan fortelje mykje om kva ein har gjort i livet sitt, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.
Vidare seier Thon at dei enno ikkje vil seie om opplysningane Nav har kravd at folk skal dele «i jurdisk forstand» kan kallast sensitive personopplysningar.
– Vi har nettopp byrja å undersøke saka, forklarer han.
Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.
400.000 personar er råka
Nav omtaler sjølv dette som eit personvernbrot og har meldt saka til Datatilsynet.
Dei anslår at rundt 400.000 personar er råka av personvernbrotet sidan Arbeidsplassen.no vart lansert i februar 2019.
Endringa som no kjem i stillingsdatabase gjeld for dei i underkant av 200.000 arbeidssøkarane, som no er under oppfølging frå Nav.
Arbeids- og velferdsdirektør i Nav, Hans Christian Holte.
Foto: Beate Riiser / NRKNav lover betring
Folk skal føle seg trygge på at Nav behandlar personopplysningar i tråd med lova.
Det seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christan Holte i Nav til NRK.
– Vi er derfor lei oss for at vi i dette tilfelle har brote denne tilliten, legger han til.
Så langt er rundt. 150 000 personar varsla, fortel Holte.
Nav stengde umiddelbart arbeidsgjevaren automatiske tilgang til arbeidssøkarane sine CV-er på nettsida arbeidsplassen.no i førre veke.
Dette betyr ikkje at tilgangen er helt fjerna. Arbeidsgivarar som trenger hjelp til rekruttering, kan framleis ta kontakt med Nav.
Men frå no av vil dei spørje deg om lov før dei deler CV- din med ein potensiell arbeidsgjevar.