Hopp til innhold

UiT får over 260 EU-millionar: Vil finne framtida i fortida og melde tankar før dei er tenkt

To UiT-prosjekt får til saman 22,5 millionar euro frå EU for å studere fortidas klima og korleis språk kan avsløre framtidige mentale kriser.

Brita Elvevåg og Jochen Knies er forskarar ved UiT- Norges arktiske universitet, og har fått millionstøtte frå EU til kvart sitt forskningsprosjekt.

Brita Elvevåg og Jochen Knies er forskarar ved UiT- Noregs arktiske universitet, og har fått millionstøtte frå EU til kvart sitt forskingsprosjekt.

Foto: Jørn Berger-Nyvoll, UiT og Astrid Lyså, NGU

Det svarar til 260 millionar norske kroner.

For første gong har UiT fått tildelt Synergy Grant frå EU sitt forskningsråd (ERC). Dette skal vere noko av det mest prestisjefylte EU gjer ut.

Det er snakk om to prosjekt hos UiT som har fått støtte. Det første er Into the Blue – Resolving past Arctic greenhouse climate (i2B) som får 12,5 millionar euro i støtte. I dette prosjektet skal dei prøve å svare på spørsmålet: Kva var dei globale konsekvensane av et isfritt Arktis i fortidas varmare-enn-no-klima?

– Vi skal med kvart vårt sett med kunnskap og institusjonell kraft avdekke kunnskap om fortida for å kunne forstå framtida, seier Jochen Knies.

Han er leiar av prosjektet og maringeolog på Institutt for geovitskap hjå UiT. Ambisjonen er å finne kritiske data som manglar i klimamodellane for framtidas isfrie Polhav.

i2B-teamet (f.v.) Jochen Knies, Stijn De Schepper og Gerrit Lohman etter ERC-intervjuet i Brussel.

i2B-teamet består av, frå venstre: Jochen Knies, Stijn De Schepper og Gerrit Lohman

Foto: Privat

Analysar av nye geologiske prøver skal gje dei datagrunnlaget for nye modellar for korleis klima og natur vil oppføre seg, og kva for konsekvensar det vil ha for miljø og samfunn i tiåra som kjem, står det i pressemeldinga.

Kneis seier det er det største som har skjedd i forskarkarrieren hans.

– Det som har skjedd no er kolossalt, og eg gler meg veldig til å setje i gang, seier Knies.

Les også Studie: Arktis varmes opp fire ganger raskere enn resten av jorda

Blomstrandbreen ved Kongsfjorden, Svalbard

Språk og mentale krisar

Eit heilt anna type prosjekt har fått 10 millionar euro i støtte. Prosjektet DELTA-LANF skal undersøke om små endringa i psykiatriske pasientar sitt språk kan vere indikatorar for kommande psykotiske anfall.

Det er Brita Elvevåg, Brita Elvevåg, professor i psykiatri hjå Institutt for klinisk medisin, som skal lede studia. Hennar samarbeidspartnarar jobbar ved universitet i Nederland, Spania og Sveits.

– Vi skapar meining gjennom språk, så det speiler kva vi tenkjer. Vi trur at endringar i språk kan lesast som endringar i tankar, og desse pasientane er kanskje dei med mest dramatisk endring i tankesett, seier Elvevåg.

DELTA-LANG-teamet i Brussel

DELTA-LANG-teamet består av, frå venstre: Iris Sommer, Wolfram Hinzen, Philipp Homan og Brita Elvevåg.

Foto: Philipp Homan

I forskinga skal dei jobbe med pasientar som allereie har hatt psykotiske anfall. Pasientane skal ta opp det dei seier, og ut ifrå det skal forskarane sjå om dei kan oppdage mønster som tyder på at eit tilbakefall til ein ny psykose er på veg. Dette vil i så fall kunne hjelpe fagpersonell i å føresjå mentale stormar og førebyggje dei psykotiske anfalla.

– Så på eit vis skal vi melde tankar før dei er tenkt! Det er vilt! Om det er mogleg, er det utruleg kraftfullt, seier Elvevåg.

Les også Færre vil få demens i framtida: – Ei veldig stor gladnyheit

Demens

Stort løft for UiT

Dette er eit stort løft for UiT, både økonomisk og forskingsmessig.

Prosjekta vil trengje både postdoktorar og PhDstipendiatar, i2B skal byggje opp eit nytt laboratorium, og dei planlegg tokt med FF «Kronprins Haakon» i 2025 og 2026, skriv dei i pressemeldinga.

Jan-Gunnar Winther

Prorektor for forsking og utvikling hjå UiT Noregs arktiske universitet, Jan-Gunnar Winther.

Foto: Marius Fiskum / Marius Fiskum

– Denne tildelinga viser at fagfolka våre hevdar seg i den øvste divisjonen i internasjonal forsking. Det er ei solid fjør i hatten og ein stor inspirasjon for oss alle, seier prorektor for forsking og utvikling hjå UiT Noregs arktiske universitet, Jan-Gunnar Winther.

Til saman fem norske prosjekt får stønad frå ERC i år.

Listesak om klima

Hva vet du egentlig om klimaendringene?