Hopp til innhold

Svalbardmeldinga frå regjeringa kjem fredag

Fredag legg justisminister Emilie Enger Mehl fram regjeringa sitt forslag til stortingsmelding om Svalbard.

Longyearbyen sentrum, Svalbard

Longyearbyen, Svalbard.

Foto: Ida Louise Rostad

Den førre meldinga kom i 2016, men sidan da har verda endra seg sikkerheitspolitisk.

Også klimaendringar er venta å få ein betydning i den nye meldinga.

Regjeringa starta arbeidet med stortingsmeldinga i januar i fjor, og skal presentere den på ein pressekonferanse på UNIS i Longyearbyen.

Les også Slik så den skadde Svalbardkabelen ut da den kom opp fra dypet

Politiets bilde nummer 8. av viser trolig tydeligst skadepunktet. Her er det en glippe i stålarmeringen, og selve kabelen kommer til syne. Dermed er det kort veg til den strømførende delen av kabelen, som ledet til jordfeilen som oppsto.

7. mai sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at dei i meldinga blant anna vil sende eit signal om at staten skal ta eit større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen.

Store Norske vil truleg få ei rolle i så måte.

– Den erfaringa Store Norske har frå drift på Svalbard, og at det er eit heileid statleg selskap, gjør at selskapet kan overta ansvaret for å omstille energiforsyninga, sa Støre.

Les også Strømsjokk på Svalbard etter at kullkraften ble lagt ned – regjeringen vil innføre strømstøtte

Longyearbyen 20230301. Statsminister Jonas Gahr Støre besøker Svalbard. Onsdag møtte han ansatte i Gruve 7. og fikk en omvisning dypt nede i gruven. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB