Hopp til innhold

Hevdar Noreg vil la svenske og finske soldatar blø for Finnmark

Noreg legg opp til at svenske og finske soldatar skal ofre seg i ein kamp om Finnmark, hevdar finsk forsvarsanalytikar. Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen meiner innlegget er misforstått og heilt urealistisk.

Stridsvogner i nord

BREMS: Noreg er i ferd med å kjøpe stridsvogner for 19,3 milliardar, men no har forsvarssjefen avrådd kjøpet.

Foto: Ole-Sverre Haugli/Forsvaret

Bakgrunnen for debatten er kuvendinga til forsvarssjefen i spørsmålet om nye stridsvogner.

Regjeringa var nesten i mål med å bestemme seg for om det skulle bli ein koreansk eller ein tysk modell som skulle erstatte dei utdaterte Leopard-stridsvognene. Då kom bomba, først omtalt av Dagens Næringsliv:

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen avrådde heile kjøpet. Han ville ha helikopter og langtrekkjande artilleri i staden.

– Lèt naboane ta støyten

Det betyr langt på veg at Noreg overlèt forsvaret av Finnmark til dei framtidige Nato-vennene sine Finland og Sverige, hevdar forsvarsanalytikar Robin Häggblom.

Noreg kan ikkje stoppe eit russisk angrep åleine, men må vente på forsterkningar, skriv han på bloggen sin:

«Planen om å bruke langtrekkjande artilleri og få nokre andre til å gå i spissen for eit motangrep, betyr i praksis at nokre andre vil ta dei største tapa i slaget om Finnmark.»

«Det er vanskeleg å sjå at dette leier til noko anna enn at finske og svenske søner og døtrer i førstelinja døyr for å verne sivile i Vardø.»

Häggblom utdjupar overfor High North News, som omtalte saka først.

– Viss norske politikarar og forsvar er villig til å la befolkninga i Aust-Finnmark lide under okkupasjon til nokre andre kjem dei til unnsetning – noko vi har sett kan bety tortur, valdtekt og drap – er det ei merkeleg og ekstrem avgjerd.

Det finske forsvarsdepartementet vil ikkje kommentere om dei støttar Häggbloms synspunkt, og det finske forsvaret har ikkje svart på NRKs førespurnad.

 Leopard 2A4 stridsvogn under vinterøvelsen Joint Viking 2017 i Finnmark

Stridsvogna Leopard 2A4 er utdatert, og det er billigare å kjøpe nye enn å flikke på dei gamle.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Diesen: Heilt urealistisk

Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen meiner Häggblom bommar. Han viser til at Sverige og Finland har det strategiske fokuset sitt på Baltikum og Austersjøen.

– Det vil vere heilt urealistisk å tru at ein skal kunne flytte bakkestyrkar frå Sør-Finland og Sør-Sverige opp til Nordkalotten for at dei skal gjennomføre eit motangrep inn på norsk område, seier generalen.

I ein krigssituasjon er det minst like stor bruk for desse styrkane der dei var i utgangspunktet, seier Diesen.

Han meiner Finnmark uansett er for stort til at ein kan forsvare området ved å halde terrenget med bakkestyrkar.

– Denne førestillinga om at berre vi kjøper stridsvogner, kan vi forsvare Finnmark nær sagt frå Mehamn til Masi, det er ei fullstendig villfaring.

Diesen seier at det å halde Finnmark medan ein ventar på allierte, ville krevje ein styrke som er to til tre gonger så stor som dagens brigade. Det er det ikkje pengar til. Dessutan ville ei slik opprusting provosere Russland.

Open debatt

Det vekkjer oppsikt at norske forsvarstoppar er ope usamde om stridsvognkjøpet. Medan toppsjefen seier nei, seier mellom anna generalløytnant Yngve Odlo at behovet er godt dokumentert.

Diesen synest ikkje det er eit problem.

– Dette dreier seg om ting det ikkje nyttar å halde hemmeleg likevel. Det einaste vi hadde oppnådd om vi ikkje hadde ein open debatt om det, er å avskjere oss sjølv frå ein fornuftig diskusjon.

Konservative

Diesen skreiv allereie i 2011 om at konseptet for å forsvare Finnmark var utdatert.

Han meiner at leiinga i ei forsvarsgrein vil vere sterkt prega av den organisasjonen der dei har gjort heile karrieren sin. Det er svært lite sannsynleg at mange av dei har behalde evna til å sjå kritisk på seg sjølv, seier han.

– Det er klassisk institusjonell militær konservatisme: Alle sterke fagmiljø vil alltid kjempe for å bevare seg sjølv.

Kvar finn ein då dei nye tankane, og kven bør politikarane først og fremst lytte til?

– Dei bør først og fremst lytte til den einaste som sit med både ansvaret for og innsikta i heilskapen. Det er forsvarssjefen. Det er han dei har peika ut som den primære rådgivaren sin. Då bør dei også hugse at det er institusjonelle årsaker til at dei aldri vil få anna enn konservative råd frå kvar enkelt del av Forsvaret, seier Diesen.

Han trekkjer også fram andre miljø som ikkje har noka eigeninteresse investert i spørsmålet – i første rekkje Forsvarets forskingsinstitutt, der han sjølv jobbar som sjefforskar.

Ordførarar for stridsvogner

Viss regjeringa heller lyttar til ordførarane i norske forsvarskommunar, blir det nye stridsvogner.

I eit debattinnlegg krev seks ordførarar at Hæren må få nye stridsvogner utan meir forseinkingar.

«Skal fremtidens forsvar bygge på at fienden tillates fritt å krysse grensen og hærta det norske folk som bor i nord, for deretter å bruke missiler for å ta dem ut en etter en? Hva så med oss som bor her i nord? En slik strategi synes å overgi oss til overmakten uten en gang å forsøke å forsvare landet», skriv dei.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark