Hopp til innhold

Opnar politikontor i Salangen i april

Det er ope for besøkjande to dagar i veka.

Utsikt mot Sjøvegan fra over fjorden.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Det blir spennande. No gleder vi oss til å få lokala på plass og ha gode møter med innbyggjarane i kommunen.

Det seier politistasjonssjef ved Midt-Troms politistasjon, John Kåre Granheim.

Kontoret i Salangen opnast i midten av april, opplyser politiet i Troms.

Denne veka signerte politiet ein kontrakt med Sjøvegan utleigebygg AS, om leie av lokale i Salangen.

Det blir de nye lokala til Troms politidistrikt og Midt-Troms politistasjonsdistrikt.

Kontoret i Salangen opnast i forbindelse med at regjeringa blei einig om å opne fleire nye polititenestestader.

John-Kåre Granheim

Politistasjonssjef i Midt-Troms politistasjon, John Kåre Granheim. Bildet er tatt i ein annan samanheng.

Foto: Torkil Stoltz

– Vil dekke fleire kommunar

Politistasjonssjefen seier at det har vore viktig å få plass kontoret, som regjeringa har bestilt.

Det har tatt litt lengre tid enn planlagt.

Dei tilsette har vore på plass sidan i fjor, mens avtale om lokalet har vore meir tidkrevjande å få på plass.

De som har sin arbeidsplass her vil dekke fleire kommunar, men vil ha kontorstad i Salangen. Og så vil det vere mogleg å komme innom i kontortid to dagar i veka, seier Granheim.

I 2017 kom beskjeden om at lensmannskontoret i Salangen skulle leggjast ned.

Les også – Vil få et bedre tilbud når vi legger ned

Snøskuterkjøring

I 2021 var det snakk om at kontoret skulle oppstå på ny, etter lovnad frå Senterpartiet.