Hopp til innhold

Redd garnisonen i Porsanger ikkje blir fast bemanna

Tillitsvalde i Hæren fryktar at å tenestegjere i Porsanger blir som å reise til utlandet på tremånadersoppdrag.

Garnisonen i Porsanger

Garnisonen i Porsanger.

Foto: NRK

Ein konsekvens av forslaget om å utplassere ein styrke i Porsanger kan nemleg vere at mannskap frå Indre Troms skal jobbe korte periodar i Porsanger i ei rotasjonsordning.

– Det skaper uro for garnisonen. Då er ein er berre her mellombels, og då det er ikkje så nøye med å inkorporere seg med dei andre, ein skal jo trass alt berre vere her i tre månader.

Det seier tillitsvalt for Noregs offisersforbund ved garnisonen i Porsanger, Svein Arne Bjørsland. Han samanliknar eit slikt mellombels opphald på Porsangmoen med utanlandsoppdrag.

– Det blir nesten som å reise til internasjonale operasjonar, og det vil òg kunne vere det for dei familiane det gjeld, seier han.

– La oss seie at du har fått ei beordring til Setermoen og tatt med deg familien din frå til dømes Austlandsområdet eller Bergen. Dei er rykka opp frå sine vanlege familieforbindingar, og så skal ein då bli beordra opp til Finnmark i ein tre månaders periode, forklarer Bjørsland.

Ny kompanistridsgruppe til Porsanger

I april kom rapporten frå ei ekspertgruppe satt ned av regjeringa, der Forsvaret si evne til å løysa dei mest krevjande oppgåvene i krise og krig var under lupa.

Rapporten peikte på at det er fornuftig å få på plass eit tydeleg robust militært nærvær i Finnmark, for å vere ein terskel mot Russland.

Eit av tiltaka i rapporten var at garnisonen i Porsangrmoen blir gjenoppretta med ei mekanisert kompanistridsgruppe.

Hæren stiller seg bak forsvarssjefen

Aleksander Jankov, talsmann for Hæren, ser ikkje bort frå at garnisonen i Porsanger skal blir bemanna av personell i rotasjon.

– Det rådet som forsvarssjefen har gitt, er at de skal etablerast ei mekanisert stridsgruppe på GP. Det rådet tar ikkje stilling til korleis ein skal gjere dette, om det skal vere eit permanent nærvær eller om det skal vere på rotasjonsbasis, seier Jankov.

No skal rådet frå forsvarssjefen resultere i ein politisk langtidsplan. Deretter får Forsvarsgreinene oppdrag om å utføre dei endringar som blir vedtatt.

Aleksander Jankov

Aleksander Jankov, oberstløytnant i Hæren.

Foto: Forsvaret

Men for Hæren er ikkje bemanning av garnisonen i Porsanger det aller viktigaste.

– For Hæren så er det først og fremst ferdigmodernisering av Brigade Nord, med moderne stridsvogner og artilleri, luftvern og kampvogner, som må på plass først. Så er vi helt tydelege på at auka bruk av garnisonen i Porsanger er noko som Hæren ønsker, seier Jankov.

– Men det er den politiske prosessen som no må få gå, så skal vi finne ut korleis vi skal løyse det oppdraget når vi får det.

Jankov kan likevel love å ta omsyn til dei tilsette.

– Hæren er ganske sikker på at dersom det blir beslutta å flytte noko til GP, enten på permanent eller på rotasjonsbasis, så skal vi kome fram til gode løysinger, både for personalet som er involvert og familiane deira.

Frå tillitsvalte Svein Arne Bjørsland si side er uansett advarselen til dei som måtte tru på ein garnison på høgde med tidlegare tider tydeleg:

– Når nokon ser for seg å få tilbake garnisonen i Porsanger som i gamle dagar, skal ein ta det med store klyper salt. Det her er jo snakk om ein mye mye mindre eining, avsluttar Bjørsland.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark