Hopp til innhold

Torsken i Porsanger nyt godt av forbod mot reketråling

Torsken i Porsanger har meir reke på menyen enn artsfrendar i Tana og Kvænangen. Det kjem truleg av eit langvarig forbod mot reketråling.

Reketråling

Havforskingsinstituttet har undersøkt Porsangerfjorden, Tanafjorden og Kvænangen for å kartlegge rekebestanden. Bildet er frå eit tokt på Porsangefjorden i 2019.

Foto: Havforskningsinstituttet

I meir enn 50 år har det ikkje vore tillat å tråle etter reke på Porsangerfjorden. Difor reknar havforskarane han som nesten urøyrd av reiskap som blir slept langs havbotnen. Det gjer fjorden interessant.

Nyleg har havforskarane funne ut at torsken i Porsangerfjorden et meir reke enn i andre fjordar.

Havforskar Jessica Tengvall og kollegaene hennar har samanlikna torsken i Porsanger sin diett med det torsken i Tana og Kvænangen set til livs.

– Når det ikkje blir fiska reke, blir ho meir tilgjengeleg for torsken, seier ho.

Torsk fra Porsanger

Forskingsteknikar Siri Olsen undersøker ein stor torsk som kom i trålen.

Foto: Guldborg Søvik / Havforskningsinstituttet

Grundig undersøkt

I 1972 kom det forbod mot å fiske med reketrål i både Tana- og Porsangerfjorden, fordi det var mykje yngel og småfisk i fangstane.

No vurderer Fiskeridirektoratet å opne for fiske med reketrål igjen. Difor har Havforskingsinstituttet fått i oppgåve å undersøke desse to fjordane.

På den måten får dei kunnskap om korleis det står til i dag. I tillegg kan dei finne ut korleis reketråling påverkar livet på havbotnen – om det blir aktuelt å tillate slikt fiske igjen.

Fjordane blir undersøkt grundig, og forskarane ser på heile økosystemet. Mellom anna finn dei ut kva fisken et ved å opne magesekken. Det er desse prøvene som viser at torsken i Porsangerfjorden beiter meir på reke enn artsfrendane i Kvænangen og Tana.

Tengvall seier forskarane finn mykje meir reke i torskemagane i den midtarste delen av Porsangerfjorden enn i andre delar av han.

Jessica Tengvall

Havforskar Jessica Tengvall har undersøkt reker og torsk i Porsangerfjorden.

Foto: Eivin Senneset / UiB

Hyse og lodde for tanatorsken

Forskarane har gjennomført fleire tokt i alle tre fjordane for å studere eventuelle endringar.

Havforskingsinstituttet skriv på sine nettsider at torsken i Porsanger er meir avhengig av reker som mat enn i dei to andre fjordane som blei undersøkt.

Havforskar Fabian Zimmermann seier at skilnaden i dietten til fisken fortel mykje om artsamansetninga i området, og korleis ulike fjordøkosystem fungerer.

Forskarane fann også ut at torsk i Tanafjorden åt mykje meir hyse og lodde enn torsken i dei to andre fjordane.

Les også Vil sette ut tusenvis av kunstige taretrær for å redde torsken

Hans Kristian Strand 3

Teinefiske inst i fjorden

Tengvall fortel at det er mest reke inst i Porsangerfjorden.

– Der er det ikkje torsk, så det er ein slags fristad for reka, seier ho.

I denne delen av fjorden har Øyvind Hesjevik fiska reke med teiner i fleire år.

– Det har vore litt av og på, alt etter kor mykje tid vi har sett av til å halde på med det. Vi hadde eit godt rekeår i 2021, men så har det kokt litt bort i kålen sidan den gong. Vi har både utstyr og kunnskap til å ta rekefisket opp igjen når det passar i høve til anna fiske, og når vi har tid og motivasjon til å begynne med det igjen.

Rekesortering

Marinbiolog Trude Hauge Thangstad undersøker ein rekefangst frå Porsangerfjorden saman med havforskarane Fabian Zimmermann og Kjell Nedreaas.

Foto: Havforskningsinstituttet

Ikkje nyttig for lokale fiskarar

Dersom forbodet mot reketråling på Porsangerfjorden blir oppheva, vil det ifølgje Hesjevik vere til liten nytte for lokale fiskarar i Porsanger.

– Reketråling vil vere noko for etablerte fartøy frå andre stader enn Porsanger. Det er ein veldig mobil flåte som tar med seg hele basen sin dit den flytter.

Han trur denne framandflåten vil halde på med rekefisket så lenge det er gode fangstar.

Les også Rekefisker: – Trålforbudet i fjordene må oppheves

Reketråler

– Etter ein viss periode vil rekebestanden falle ned til eit nivå kor det ikkje nødvendigvis er like bra, og då vil det vere betre andre stader, seier han.

Førebels er det tillate med reketråling i dei ytste delane av Porsangerfjorden. Havforskar Jessica Tengvall seier det er mogleg å opne for slikt fiske i andre delar av Porsangerfjorden.

– Dersom ein tenker over kor fisket skal gå føre seg, og kor mykje ein fiskar dei,
skal det nok gå greitt, for vi ser jo at det går bra i Kvænangen, seier ho.

Glattulke

Glattulke er ein arktisk art som også lever inst i Porsangerfjorden.

Foto: Havforskningsinstsituttet

Arktisk økosystem

Dei inste delane av Porsangerfjorden skil seg frå resten av fjordane i Fastlands-Noreg. Der finn ein arktiske artar som polartorsk og glattulke, noko som at gjort fjorden til ein attraktiv stad for artsfiskarar – dei som er på jakt etter spesielle fiskeslag.

– Det har vore mange slike her dei siste åra, fortel Hesjevik.

For fem år sidan blei det sett ein verdsrekord i Porsangerfjorden i denne forma for fiske.