Hopp til innhold

Kan ha avslørt ny storsvindel av kongekrabbe

To personar blir etterforska for svindel av kongekrabbe for over ein million kroner. Begge vart også tekne under ein stor krabbesvindel for tre år sidan.

Beslag av kongekrabbeklør

FROSE NED: Her er en del av krabbeklørne som tollbetjentar tok i beslag sist helg. To store bilar vart stansa på riksgrensa i Kongsvinger.

Foto: Tolletaten

Kongekrabbeklør på rundt eitt tonn vart sist helg beslaglagde i Kongsvinger.

Det etter at tollarar stoppa to store bilar som saman kom køyrande på E16 inn i Noreg, skriv Glåmdalen avis.

Klørne har ein anslått verdi på 1,2 millionar kroner.

Ifølgje Tolletaten var krabben fiska ulovleg i Finnmark og frakta i transitt via Sverige. Heller ikkje det på lovleg vis.

Morten Nystuen

Morten Nystuen seier det ikkje er kjent kven som skulle ha vore mottakar av krabbeklørne.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

– Det var sjåførane sjølve som fortalde at krabben var fiska på ulovleg vis fordi dei ikkje hadde kvote, seier Morten Nystuen til NRK. Han er seksjonssjef for tolletaten i Kongsvinger.

Ifølgje han var personane norske, men han vil ikkje fortelje kvar i landet dei er tilknytte.

Les også Mor mistenkt, sønn siktet i kongekrabbesaken

Kongekrabbeligaen har operert over hele Norge, ifølge politiet.

Blir knytte til kriminelt nettverk

Politiet i Finnmark er kopla inn i saka. Dei har sett i gang etterforsking av dei to sjåførane. Og ifølgje politiet har dei to vore involverte i storstilt svindel av krabbe tidlegare.

Begge personar som vart stansa er kjende for politiet frå eitt av nettverka som vart opprulla og etterforska i 2019. Politiet vil derfor ha fokus i etterforskinga særleg på omfanget og eventuell organisering av dei nye forholda, seier politiadvokat Lisa Moon Sneve.

Politiet kan dermed vere på spor av ein ny omfattande krabbesvindel. Moon Sneve vil førebels ikkje utdjupe meir om etterforskinga.

NRK har også vore i kontakt med Fiskeridirektoratet, men dei viser til politiet.

Beslag av kongekrabbeklør

Ein tollbetjent held oppe kongekrabbeklør som no blir knytte til svindel.

Foto: Tolletaten

Avslørte svindel

Ein må fleire år tilbake for å finne eit liknande beslag utført av tollarar, som det som vart gjort i Kongsvinger sist helg.

Etter det NRK kjenner til skjedde dette sist i år 2019. Då stansa tollarar ved Polmak i Finnmark ein varebil på veg inn i Finland. I bilen var det 377 kilo krabbeklør.

Dette sørgde for ei av opprullingane som politiadvokat Lisa Moon Sneve viser til over.

For nesten samtidig klarte politiet å avsløre to ulike kriminelle nettverk som dreiv storstilt svindel av kongekrabbe. I nettverka sat det folk frå heile landet.

Mange personar er seinare dømde. Enkelte har fått fengselsstraff.

Hovudmannen i eit av desse nettverka vart i fjor dømd til fengsel i tre år. I dommen kom det fram at mannen frå Båtsfjord hadde fiska 47 tonn krabbe ulovleg. Dette selde han så vidare.

Den siste av desse sakene har nettopp vore behandla i retten, men dommen har førebels ikkje komme.

Kongekrabben er lukrativ og blir seld til land over heile verda. Fiskarar kan få så mykje som 1000 kroner for ein krabbe.

Då Politidirektoratet i år 2021 la fram si første trusselvurdering, peika dei mot at juks og svindel i fiskerinæringa utgjer ein nasjonal trussel.

Les også Politiet: Systematisk juks i fiskerinæringa utgjør en nasjonal trussel

Kongekrabbeklør og politets beslag av penger

Flere nyheter fra Troms og Finnmark