På 17. mai skal fem år gamle Marius ha blitt møtt med hets i barnetoget fordi han gjekk med kofte og sameflagg.
Han er ikkje åleine. Tre av fire unge samar seier at dei opplever diskriminering fordi dei er samar, ifølge ein rapport om psykisk helse til unge samar.
Mange av dei meiner dei opplever ulike former for hets. Likevel er det få som melder samehets til politiet.
Troms politidistrikt har i år berre fått ei melding om hatefulle ytringar mot samar, og Finnmark politidistrikt har så langt i år fått ingen slike saker.
Påverkar Anne Ragnhild Porsanger er blant dei som ikkje har meldt hetsande kommentarar til politiet.
Ho har mellom anna fått kommentaren «Kunne ikkje Breivik venta litt?» då ho la ut ein TikTok av dansande samar på ein festival.
HETS: Anne Ragnhild Porsanger fekk kommentaren «kunne ikkje Breivik venta litt?» etter at ho la ut ein TikTok av dansande samar.
– Eg er ikkje noko offer, og tviler på at å melde saka til politiet ville hatt nokon konsekvens, seier Porsanger.
– Bør melde ifrå
Ketil Lenert Hansen er professor i helsevitskap ved UiT. Han er ikkje overraska over at få melder samehets til politiet.
Under 2 prosent av samar melder om krenkingar til myndigheitene, ifølge Hansen.
– Det kan sjå ut som om det ikkje er ein kultur blant samar å seie ifrå. Ein skal takle ting sjølv.
STORT PROBLEM: Det er alvorleg at ikkje fleire melder frå om samehets, seier professor Ketil Lenert Hansen.
Foto: PrivatHan trur årsakene til å få melder frå kan vere knytt til fleire faktorar, mellom anna om mistillit og avstand til hjelpeapparatet. Ifølge Hansen kan samar føle at samehets ikkje blir tatt på alvor av myndigheitene når ein melder frå til politiet.
I tillegg kan mangel på informasjon om at ein kan melde ifrå, og at nettsider ikkje er omsette til samiske språk vere andre grunner.
– Samar burde i større grad melde om krenkingar slik at ein får belyst problemet – for det er eit stort problem når mange opplever det.
Ifølge Hansen har hetsen blitt så normalisert at mange ikkje tenker over at det er hets.
Flest kommentarar i kofte
– Eg trur det er mange samar som har lært at vi ikkje må bry oss om hets. Vi må berre gå vidare med hovudet høgt heva, seier Emilie Biti-Jessen.
Ho er nestleiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh.
Ifølge ho får ein flest hetsande kommentarar når ein bruker kofte, særleg om kvelden.
– Kommentarar kan vere «har du rein?», «lappejævel» eller at dei kallar kofta for klovneklede.
Sjølv om få melder hetsande kommentarar til politiet, trur Jessen at fleire unge samar blir inspirerte til å ta opp kampen mot samehets.
– Vi skal ikkje tole hetsen, vi må stå opp mot dette.
FLEST KOMMENTARAR I KOFTE: Emilie Biti-Jessen fortel at mange samar opplever hets når dei går med kofte.
Foto: Privat