Hopp til innhold

Knivstikkinga i Vardø: Sikta meiner ho ikkje påførte skadane

Ein mann i 60-åra døde etter å ha blitt knivstukke fredag. Ektefellen til mannen er sikta, og er kravd varetektsfengsla i fire veker.

Åsted i Vardø hvor en mann døde etter knivstikking fredag.

Døra på åstaden i Vardø.

Foto: EIRIK KRISTENSEN / VARANGER PHOTO

Fredag kveld døde ein mann i 60-åra etter å ha blitt knivstukke i Vardø i Finnmark.

Politiet blei varsla via AMK. Mannen var bevisst då ambulansearbeidarane kom fram til staden.

Han vart frakta til sjukehuset i Hammerfest, men døde seinare av skadane.

Ei kvinne i same alder, som var ektefellen til mannen, er sikta for grov kroppsskade med døden til følge.

Den sikta blir kravd varetektsfengsla i fire veker. Kvinna har anka avgjerda.

– Det er som venta, men ho er ueinig i resultatet, seier forsvarar Jens Bernhard Herstad.

Les også Mann i 60-årene døde etter knivstikking i Vardø fredag kveld

Drap i Vardø, krimteknikere på plass

– Vanskeleg situasjon

– Kvinna erkjenner ikkje straffskuld, og meiner ho ikkje har påført skadane, seier politiadvokat Ylva Kvikstad etter dagens fengslingsmøte.

– Kven var til stades då dette skjedde?

– To personar. Den sikta, og den fornærma.

Ho seier dei jobbar ut ifrå fleire hypotesar.

– Også hypotesane om at det var eit uhell, at det har skjedd ei ulukke eller at det kan vere sjølvgjort, seier ho.

Fleire vitne er avhøyrde, men så vidt politiet veit var det ingen fleire til stades under hendinga.

Anne Kroken er bistandsadvokat for dei pårørande til den avdøde.

– Det er ein frykteleg beskjed å få, og ein vanskeleg situasjon å vere i.

Ho seier familien ønsker ro og fred.

– Og så ønsker dei å få svar på kva som har skjedd.

 politiadvokat Ylva Kvikstad

Politiadvokat Ylva Kvikstad i tingretten i Vadsø.

Foto: NRK

Hadde blåmerke i ansiktet

Den sikta møtte i retten med blåmerke rundt auget.

– Sikta kom med synlege blåmerke i ansiktet. Veit de korleis ho fekk desse skadane?

– Vi har hennar forklaring på korleis skadane har oppstått, seier politiadvokaten.

– Kan det tyde på at dei har krangla i forkant av hendinga?

– Ut ifrå hennar forklaring har det vore krangling i forkant.

– Men ho forklarer at det var ei ulykke?

– Det kan eg ikkje gå inn på, men det er ei av hypotesane politiet jobbar etter.

Har det tungt

– Ho har det tungt, sa advokat Jens Bernhard Herstad til NRK laurdag.

Han forsvarer kvinna i saka.

– Ho har vore i avhøyr og gitt ei utfyllande forklaring på det ho kan forklare seg om.

– Erkjenner ho dei faktiske forholda?

– Det er ingen faktiske forhold ho kan forklare seg om.

Advokat Jens Bernhard Herstad

Advokat Jens Bernhard Herstad.

Foto: Sebastian Faugstad / NRK

Dømd for knivstikking før

Kvinna i 60-åra er tidlegare dømd for å ha knivstukke same mann. Den gongen vart han ikkje livstrugande skadd.

Ifølgje dommen hevda kvinna at ho handla i naudverje. Heller ikkje då erkjende ho straffskuld. Kvinna vart dømd til 90 dagar i fengsel.

Det var VG som omtala dommen først, men også NRK har lese den.

– At ho er tidlegare dømd for vald har i seg sjølv ikkje så mykje å seie for denne etterforskinga, seier Kvikstad.

No skal den avdøde mannen obduserast.

Drap i Vardø, krimteknikere på plass

Krimteknikarar jobba på åstaden fredag.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark