Hopp til innhold

Barnevernsoffer tapte saka mot kommune: Nektar å gi opp

Ann-Hege Graftås vurderer å anke sin mangeårige kamp mot Sør-Varanger kommune til Høgsterett. Lagmannsretten meiner hennar sak er forelda.

Ann Hege Graftås

Ann-Hege Graftås tapte saka mot Sør-Varanger kommune. No vurderer ho å anke.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Hålogaland lagmannsrett meiner barnevernsoffer Ann-Hege Graftås likevel ikkje har krav på nesten 6 millionar kroner i erstatning.

I mange år har ho kjempa mot Sør-Varanger kommune, og saka kan få konsekvensar for andre som har opplevd omsorgssvikt i oppveksten.

No vil Graftås truleg anke saka til Høgsterett, seier advokaten hennar Per Bjørge.

– Vi er ganske usamd i at saka er forelda. Den er vurdert strengare enn ein finn døme på i nyare rettspraksis, seier han.

– Vi ser det er ankegrunnlag i denne saka, men vi reknar at saka bør prøvast for ein høgare rett og eventuelt blir sende tilbake til lagmannsretten.

Vann i tingretten

Ann-Hege Graftås vann fram i tingretten. I retten fortalde ho om ein oppvekst i ein familie med tunge rusproblem og at ho vart misbrukt. Ho meiner det kommunale barnevernet i Sør-Varanger ikkje gjorde nok for å ta henne ut av eit svært belastande miljø.

Graftås reiste erstatningssak mot kommunen i 2019. Etter ein årelang kamp vart ho i mars tilkjend 5,95 millionar kroner i erstatning.

Kommunen anka deretter dommen til Hålogaland lagmannsrett, som då gjorde om dommen frå tingretten.

Sør-Varanger kommune vann fram med at saka til Ann-Hege Graftås var forelda.

– Ut frå slik eg opplevde sjølve rettssaka og dommen verkar det som om lagmannsretten helst ser at han går til Høgsterett for endeleg avgjerd, ikkje minst fordi han kan danne presedens, seier Graftås til Ságat.

– Eg er enno sterk i trua på at rettferda vil sigre til slutt, og at eg vinn i Høgsterett eller ved ei ny behandling i lagmannsretten.

Les også Ann Hege må ta støyten nok en gang: – Jeg skulle gjerne vært uten dette

Barnevern rettsak

Meiner saka er forelda

Sør-Varanger kommunes advokat, Frode Lauareid, har tidlegare sagt til NRK at kommunen heile tida har meint at saka var forelda.

– Her ligg det forhold i saka som kan tyde på at moglegheita for å fremje eit krav mot kommunen ligg så langt tilbake som i 1993. Derfor er det ikkje urimeleg at kommunen no viser til foreldingsreglane i denne saka.

Per Christian Bjørge, som er ein av dei andre advokatane til Ann-Hege Graftås, har sagt at kommunen ikkje på noko tidspunkt har ønskt å diskutere saka.

– Dei har ikkje sagt beklagar. Også synest det å vere ei bekymring at det er fleire der ute som har den same rettslege posisjonen som klienten min.

Les også Ann Hege må ta støyten nok en gang: – Jeg skulle gjerne vært uten dette

Barnevern rettsak

Kan få noko å seie for fleire

Graftås sjølv beskriv det som ganske belastande at saka synest til å ha vorte ei prinsippsak.

– Eg skulle gjerne vore utan dette. Eg synest det er veldig belastande for meg, at eg skal vere frontfiguren for framtidige saker, når det er mi sak det gjeld.

For henne er det viktig å få rettferd.

– Eg ønskjer ei anerkjenning av at det ikkje er min feil, at livet mitt vart øydelagt.