Hopp til innhold

Forskarar bruker fiberkablar for å tjuvlytte til kval

Det er lite forsking på korleis auka aktivitet i Arktis påverkar dyrelivet til havs. No bruker forskarane fiberkablar for å lære meir om kvalen.

Hinlopen, Svalbard, Norway 20120915.Verdens største dyr blåhvalen viser seg fram i Hinlopenstredet på Svalbard. Storhvalen som var nær utryddelse er nå igjen å se på Svalbard etter å ha vært fredet siden 1966. Turister og forskere har sett mye blåhval i sommer.Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

LYTTE: Forskarar håper å få meir kontinuerlege data om kor kvalen beveger seg.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi kan finne ut kor kvalen liker å vere, og kva for nokre område som er viktige for kvalen.

Det seier Martin Landrø, er professor i geoakustikk ved NTNU.

For første gang har forskarar tatt i bruk undersjøiske fiberkablar til å lytte til og observere kval.

Temperaturen i Arktis stig tre gonger så mykje som resten av verda.

Kval i havet

KVAL: Forskarane ønsker å finne ut kor kvalen liker å vere og kva for nokre område som er viktige for han.

Foto: David Goldman / AP

Det er likevel forska lite på korleis dyrelivet og kvalen kan bli påverka av dette, noko forskarar ved NTNU ønsker å gjere noko med.

Det var Gemini som først omtala forskinga.

Les også Slik kan hvalene bidra til å redde verden fra klimakatastrofe

Knølhval

– Human måte

Forskarane har tatt i bruk fiberoptiske kablar mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund på Svalbard til å lytte på kval.

Fibrane i kablane er tynne som hårstrå og er grave ned nokre meter under havbotn.

Dei reagerer dersom det kjem lyd, og forskarane kan vidare finne ut om denne lyden kjem frå kval. Slik kan dei observere kor mykje kval det er i området og korleis han flyttar seg.

Forskarane har brukt kablane til måle kvalaktivitet over 120 kilometer, med observasjonar kvar fjerde meter.

Gjennom denne metoden kan dei få meir kontinuerlege data om kor kvalen beveger seg.

– Det er også ein meir human måte å observere kvalen, sidan forskarane slepp å vera borti kvalen for å merke han.

Blir påverka av menneskeleg aktivitet

Sofia Aniceto er havforskar ved Akvaplan-Niva i Tromsø.

Ho har ikkje delteke på forskinga frå NTNU, men har forska på kval.

Sofia Aniceto Havforsker ved UiT

FORSKAR: Sofia Aniceto seier at det er forska lite på kval i Aust-Atlanteren.

Foto: Thomas Heggem

Det er forska lite på kvalen på austsida av Atlanteren. Men ifølge Aniceto blir kvalen i stor grad påverka av menneskeleg aktivitet i Arktis

Klimaendring kan føre til at det blir meir mat for kvalen i Arktis. Eit varmare klima kan likevel føre til mindre sjøis og meir fiske, turisme og kommersiell sjøfart, seier forskaren.

– Dette kan bety auka risiko for kollisjon mellom skip og kval og kan påverke støyen under vatn på ein negativ måte.

Meir støy under vatn kan nemleg påverke kvalen sin måte å kommunisere med kvarandre.

Dør etter kollisjon med skip

I tillegg til å kartlegga kvalen sin aktivitet, kan den nye observasjonsmetoden på sikt truleg bli brukt til å forhindre kollisjon mellom skip og kval, ifølge professor Landrø.

Skipskollisjonar er ein dei mest dramatiske dødsårsakene for kvalen, seier professoren.

Leiar i Greenpeace, Frode Pleym, synest det er positivt at det blir jobba med å redusere kollisjon mellom skip og kval.

– Det er viktig på generell basis å sørge for at alle enkeltruslar mot kvalbestanden blir redusert.

Frode Pleym, leder Greenpeace Norge

VELKOMMEN: Pleym ønsker arbeid for å redusere kollisjon mellom skip og kval velkommen.

Foto: Johanna Hanno / Greenpeace Norge

Han trekker også fram viktigheita av marine verneområde, slik at kvalen får leve i ferd.

– Det er viktig for alt livet i havet.

Les også Temperaturen i Arktis stiger tre ganger så mye som i resten av verden

Klimaendringer i Arktis.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark