Hopp til innhold

Finnmark vil ikkje dele distriktsgodene med resten av Nord-Norge

For Thomas blei økonomiske fordelar avgjerande for kvar han skulle slå seg ned. Fleire politikarar i Finnmark fryktar ordninga med nedskriving av studielån blir øydelagt om den blir utvida til heile landsdelen.

Thomas Åsen og Maria Krogstad Landmark.

Thomas Åsen kom til Finnmark for seks år sidan og jobbar i dag som lærer i Alta. Nedskriving av studielånet var ein av grunnane til at han reiste nord. Her saman med kona Maria Krogstad Landmark.

Foto: Thomas Åsen

Ein som lét seg freiste til å prøve ut livet «på toppen av Noreg» var Thomas Åsen frå Elverum. At han fekk nedskrive studielån var attraktivt.

– Skattelette og nedskriving av studielån var ein av fleire grunnar som fekk vektskåla til å bikke mot Finnmark. Så det var jo ein avgjerande faktor, sjølv om den økonomiske fordelen langt frå var den einaste grunnen.

I dag er han lærar på ein ungdomsskule i Alta.

Om høgretoppane i nord får viljen sin, vil altså ordninga med nedbetaling av studielån snart gjelde for studentgrupper som lærarar og sjukepleiarar i heile Nord-Norge.

Målet er å snu befolkningstrenden og bli ein meir attraktiv region for unge.

Om den økonomiske ordninga hadde omfatta heile Nord-Norge for seks år sidan, kunne Åsen like gjerne ha hamna i Bodø eller Tromsø.

– Det er jo litt vanskeleg å vite nøyaktig kva eg ville ha valt, men Bodø og Tromsø hadde nok blitt vurdert. Det kunne fint ha hendt at eg enda opp der dersom ordninga hadde vore for heile Nord-Norge.

Blir i Finnmark

No skal Åsen i alle fall ingen stadar. Han møtte kjærleiken og er no familiefar.

Kona Maria Krogstad Landmark som har vakse opp i Finnmark. Ho seier dei økonomiske fordelane ikkje har spelt så stor rolle, men er eit pluss.

– Det utgjer ikkje den heilt store forskjellen i økonomien min, men eg blir jo glad av å sjå at studielånet minkar. Eg er jo her ifrå, har familie her og jobbmarknaden er attraktiv. Eg hadde nok gått glipp av mange arbeidsmogelegheiter om vi budde ein annan stad. Også har vi jo naturen då!

Verken Sp, Ap eller Frp likar forslaget

Nancy Porsanger Anti, Senterpartiet sin andrekandidat i Finnmark, meiner ordninga – slik den er i dag – ikkje må rørast.

– Alle tal viser at det er i Finnmark og Nord-Troms vi verkeleg treng tiltaka.

– Også Samerådet har sagt at tiltakssona ikkje må rørast, fordi det er her den er nødvendig. Sjølvsagt ønsker vi å utbetre den, men det viktigaste er at folk ønsker å bu her etter at dei har studert.

Nancy A. Porsanger

Nancy Porsanger Anti, Senterpartiet sin andrekandidat i Finnmark, meiner ordninga ikkje må rørast. – Det er her vi treng den.

Foto: Finnmark Sp

Høgre-toppane bekymrar seg ikkje for om forslaget vil føre til at færre flytter til Finnmark, meiner Ingalill Olsen. Stortingsrepresentanten for Finnmark Arbeiderparti fryktar heile ordninga vil bli øydelagt.

– Nedskriving av studielånet i Nord-Troms og Finnmark er ei ordning som har fungert godt.

Olsen meiner at medan resten av Noreg blir stadig meir urbanisert, er distriktsfordelar, som nedskriving av studielån, noko som får folk til å velje å slå seg ned lengst nord i landet.

Ho trur forslaget til Høgre vil øydelegge heile ordninga og at effekten for Finnmark sin del vil bli borte.

Stortingsrepresentant fra Finnmark Arbeiderparti, Ingalill Olsen.

Ingalill Olsen, Stortingsrepresentant for Finnmark Arbeiderparti, fryktar heile ordninga med tiltakssona skal bli øydelagt.

Foto: Eirik Sørenmo Påsche / NRK

Bengt Rune Strifeldt i Frp er også lunken og skeptisk. Han trur løysinga som Høgre foreslår vil få store negative konsekvensar for små stader i Finnmark.

– Dette vil svekke Nord-Troms og Finnmark. Det vil bidra til at ungdom heller søker seg til dei større plassane i Nord-Norge, som Bodø og Tromsø, når dei får dei same fordelane der.

Bengt Rune Strifeldt

Bengt Rune Strifeldt i Frp er skeptisk til forslaget. Han trur løysinga som Høgre foreslår vil få store negative konsekvensar for små stader i Finnmark.

Foto: Presse