Hopp til innhold

Ny tunnel opna i mai - no er UP uroa over høg fart

På ei veke har utrykkingspolitiet (UP) beslaglagt fire førarkort ved Skarvbergtunnelen. – Urovekkande, seier UP-betjent.

Skarvbergtunnelen

Skarvbergtunnelen er ny, lys og brei. Den høgste farta politiet har målt i tunnelen er 155 km/t den siste veka.

Foto: Statens Vegvesen

I løpet av den siste veka har fire personar mista førarkortet og 15 fått forenkla førelegg ved Skarvbergtunnelen.

– Eg tenkjer at det er urovekkande. Vi har fått oss ein ny og fin tunnel, og vi har vore der eit par gonger og målt fartsnivået, seier Freddy Olaussen, politioverbetjent i UP-patruljen i Lakselv og gruppeleiar i UP i Finnmark.

Han legg til:

– Det kan også bety at vi kanskje må dit litt oftare enn det vi hadde tenkt, og så prøve å få ned fartsnivået i den nye tunnelen

Den nye tunnelen er 3,5 kilometer lang og vart opna 26. mai 2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård stod for den offisielle åpningen av Skarvbergtunnelen fredag 26. mai 2023.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård då tunnelen opna i mai.

Foto: Susanne Stephansen / Samferdselsdepartementet

Olaussen seier at dei har vore der fire gonger sidan tunnelen opna for fem månader sidan.

– Eg er ikkje veldig fornøgd med at folk ikkje overheld fartsgrensa i tunnelane. Vi må vere der vi ser at fartsnivået er over det vi liker, og då er det kanskje sånn at den tunnelen må få litt høgare prioritet inntil vi ser at fartsnivået er på eit akseptabelt nivå.

Tre av førarane vart målt til 155 km/t, 126 km/t og 125 km/t.

Les også Veiarbeiderne knuste en hellig stein – da startet problemene

Samisk offerstein som ble sprengt bort på E69 mot Nordkapp.

Isfri tunnel

No har den første snøen lagt seg i Finnmark og minusgradene har kome krypande. Han meiner det kan ha ei medverkande årsak til beslaga.

Freddy Olaussen

Freddy Olaussen, politioverbetjent i UP-patruljen i Lakselv og gruppeleiar i UP i Finnmark, seier det er urovekkande at så mange har mista førarkortet på ei veke i den splitter nye tunnelen.

Foto: Berit Solveig Gaup / NRK

– Tunnelen er ikkje snø- og islagd på vinterstid. Der er asfalt med god friksjon, og det kan hende nokon lèt seg freiste til å trø litt ekstra på i akkurat den tunnelen der. Fartsgrenser gjeld der anten det er snø eller berre asfalt, seier Olaussen.

Den nye tunnelen skulle erstatte den gamle som var i dårleg stand. I tillegg hadde tunnelen 60-sone.

– Det gjekk faktisk ikkje an oss å køyre fortare der, fordi at han var både mørk og smal med ulike underlag.

Olaussen seier at dei har planar om å dra tilbake igjen til tunnelen, men akkurat når vil han ikkje seie av openberre grunnar. Dei vil også dra tilbake til andre tunnelar.

Les også Gjør du ikke dette riktig, risikerer du å miste lappen

Annar Engell børster bort snø fra biltaket før han skal ut og kjøre i Drammen

Fleire kontrollar

Olaussen fortel at farten som dei har registrert så langt er over gjennomsnittet og dermed er farten noko høgare enn det dei ønskjer.

Skarvbergtunnelen

Den nye Skarvbergtunnelen (til høgre) er breiare, lysare og har betre vegdekke enn den førre. Den har også auka fartsgrense frå 60 til 80.

Foto: Allan Klo / NRK

– Vi må dit og vise oss, og vere synlege. Vi må gjennomføre kontrollar som gjer at bilinterne faktisk respekterer fartsgrensa også i den nye Skarvbergtunnelen

Han har ei klar oppmoding til bilistar:

– Sjølv om det kanskje ikkje snø og vinter inne i ein tunnel, så er det farta som er ei medverkande årsak til at det blir ulukker. Eg får berre håpe at folk respekterer hastigheitene i tunnelen.

Les også – Riktig å skjerpe straffen for villmannskjøring

Rolf Jacobsen ble lam etter å ha blitt påkjørt i Nøstvettunnelen på E6 i Follo

Les også Færre får trafikkbøter etter kraftig økning i satsene

Aleksander Naley

Flere nyheter fra Troms og Finnmark