Hopp til innhold

Både farevarsel for regn og skogbrannfare: – Det høyrest kanskje litt motstridande ut

Sol og høge temperaturar blir skifta ut med regn og kjøligare temperaturar i Nord-Noreg. Det er også fare for lyn og tore fleire stader i landet.

Dårlig vær med styrtregn er meldt på Østlandet og i Nord-Norge.

Det blir ingen vêrvinnarar denne helga, og heile Noreg må belage seg på regnvêr. Illustrasjonsfoto.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Laurdag morgon vart det sendt ut farevarsel om regn i delar av Troms og Finnmark.

– Det er fare for at det kan komme ganske mykje regn på kort tid, så ein må passe på at vatnet har ein plass å renne ut, for det kan fort bli lokale flaum, seier statsmeteorolog Marek Ratajczak.

Regnet som er meldt i Noregs nordlegaste fylke skal byrje å ta seg opp i ettermiddag og utover mot kvelden, og det vil regne ein god del på Finnmarksvidda, vest i Finnmark og i Nord-Troms aust for Lyngsalpene. Det blir også lokale torebyer.

– Det vil komme opp mot 35 millimeter nedbør på 12 timar, men det vil vere store lokale forskjellar, seier statsmeteorologen.

Farevarsel for regn. Troms og Finnmark.

Det har vorte sendt ut farevarsel om regn for heile Troms og Finnmark i helga. Det er fare lokal flaum, så ein må passe på at vatnet har ein plass å renne ut.

Foto: Meteorologene

Det ser likevel ut til at delar av Troms får kjenne litt på sommarvêret igjen på søndag, før gradene fell på måndag.

– Det kan bli opp til 25 grader i Troms i morgon, før det kjem ein front frå sør som har med seg regnbyer, seier Ratajczak.

Då blir det også lågare temperaturar på rundt 10–15 grader.

Meteorolog Marek Ratajczak

Statsmeteorolog Marek Ratajczak trur ikkje farevarselet for skogbrannfare i nord vil vare veldig mykje lengre. 

Foto: Inga Maret Solberg Åhrén / NRK

Framleis skogbrannfare trass i regn

– Det høyrest kanskje litt motstridande ut, men sånn kan det bli når ein får mykje regn enkelte plassar, medan ein ikkje får regn andre stader, seier statsmeteorologen.

Det har vore stor skogbrannfare i Nord-Noreg i lengre tid, og ettersom ikkje alle område får like mykje regn er det framleis lokal fare for skogbrann og lyngbrann i Troms og Finnmark.

Brann. Troms og finnmark.

Sjølv om det er sendt ut farevarsel for regn er ikkje skogbrannfaren over heilt endå. 

Foto: Meteorologene

I Finnmark og i Nord-Troms vil farevarselet likevel endrast frå oransje til gult på søndag.

Resten av Troms må vente på det gule farevarselet til regnfronten frå sør kjem i starten av neste veke. Då vil det bli gult farevarsel for skogbrann i heile Troms og Finnmark.

– Så får ein sjå når faren minkar heilt, kanskje blir det i løpet av neste veke, seier Ratajczak.

Tre skogbrannhelikopter er sett inn i beredskap i Alta, Tana og Narvik i nord på grunn av stor fare for skogbrann.

Les også Lyngbrannen i Sør-Varanger er under kontroll

Slukningsarbeid av lyngbrann ved Langøra i Sør-Varanger i Finnmark. Brannen ble oppdaget tidlig onsdag ettermiddag.

Ingen vêrvinnarar i helga, men Austlandet blir finast neste veke

I helga får Austlandet, på lik linje med resten av Noreg, ein god del regnbyer. Det seier statsmeteorolog Alexander Skeltved.

– Det er også fare for lyn og tore, spesielt i Agder, opplyser han.

Frå tysdag blir vêret likevel finare på Austlandet, og dei er derfor vêrvinnarane neste veke. Men noko ordentleg sommarvêr blir det ikkje.

– Det blir litt kaldare enn det har vore den siste tida. Det blir rundt 20 grader, og litt over dette nokre av dagane, seier Ratajczak.

Skal ein på ferie neste veke er det likevel på Austlandet ein har størst sjanse for å sjå sola.

– Vestlandet blir litt surt så eg ville nok ikkje lagt ferien min der, seier Skeltved.

Les også Fem ulike typer værtegn: Sjekk hvilke meteorologen mener stemmer

John Smits slapper av i solstolen i finværet i Oslo