Hopp til innhold

Her er det blodraudt: Stor skogbrannfare sjølv på kysten

To skogbrannhelikopter er sett inn i beredskap. Brannvesenet åtvarar om eingongsgrillar og glasflasker.

Skogbrannfare i nord

Raudt og mørkeraudt betyr at det er stor fare for skogbrann.

Foto: DSB

– Bakken, jord og lyng er veldig tørt, seier Hans-Peter Sørem, vaktsjef i Tromsø brann og redning.

Det har regna lite over ein lengre periode, og no blir det også høge temperaturar.

Meteorologane har sendt ut farevarsel for skogbrann i store delar av Nord-Noreg.

– Det tek utruleg fort fyr, åtvarar Sørem.

Skogbrannfare

Slik utviklar faren seg frå tysdag til onsdag. Heilt sør er faren for skogbrann liten.

Foto: DSB

To skogbrannhelikopter er sett inn i beredskap i Alta og Narvik.

DSBs skogbrannfareindeks viser at det er stor fare for skogbrann, sjølv heilt ute på kysten.

Les også DSB frykter nytt toppår for skogbrann i Norge

Skogbrannhelikopter

Forbode å tenne bål

Det har vore fleire skogbrannar i Noreg denne sommaren.

Denne veka er gradestokken venta å bikka 25 grader i Troms, Nordland og Finnmark.

I Telegrafbukta i Tromsø har fleire teke turen ut for å nyta finvêret. Der er også fungerande brannsjef Joakim Pedersen.

Han ser raskt ein eingongsgrill som står på bakken. Den er sett på det vesle metallstativet som følgjer med.

Engangsgrill

Sjølv om eingongsgrillen er sett på stativ er det tørt i bakken, og det kan derfor ta fyr.

Foto: Marita Andersen / NRK

– Her burde eingongsgrillen stått oppå nokre steinar for å verna vegetasjonen under, seier Pedersen.

Kollega Sørem ber folk vere forsiktige.

– Har dei tenkt å gjere noko med grilling, bør dei absolutt sikre seg med vatn, og sørgje for at alt er dynka når dei er ferdige. Men det er faktisk forbode å gjere opp eld.

Hans-Peter Sørem i Tromsø brann og redning

Brannmann Hans-Peter Sørem åtvarar folk som skal ut på tur dei neste dagane.

Foto: Privat

I Noreg er det generelt bålforbod mellom 15. april og 15. september.

Ølflaska di kan starte brannar

Slik som tørken er no, kan brannar også startast utan at ein tenner bål.

Det er faktisk nok å gløyme brus, ølflaska eller noko anna av glas som blir liggjande i solsteika.

knuste ølflasker

Knuste ølflasker kan starte brannar, viss dei ligg på tørt underlag som gras.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Det blir som eit forstørringsglas. Solstrålen blir konsentrert ned mot tørt underlag, så kan det fort ta fyr. Det har vi hatt døme på tidlegare. Folk må ta søpla med seg, rår Sørem.

Sist gong det kom noko regn av betydning i Tromsø var 25. juni. Det var likevel berre beskjedne 6,4 millimeter.

Tørt i nord

Tørt i Telegrafbukta i Tromsø.

Foto: Marita Andersen / NRK

Og det blir tørt og varmt i nord éi veke til.

– Det er litt uvanleg at det er så lang tørke, men at vi får slike vêrsituasjonar som vi har no med lite nedbør, det skjer jamleg, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga.

Les også Vil forby engangsgriller: – Har utspilt sin rolle fullstendig

l928ORq3osQ