Hopp til innhold

Enorme ballongar sende opp frå Esrange i Kiruna

Politiet har tysdag fått fleire førespurnader frå publikum om observasjonar av luftballong i stor høgde over Troms.

Esrange i Nord-Sverige

Arkivbilete frå Esrange i Nord-Sverige.

Politiet har vore i kontakt med aktuelt kontrolltårn for flytrafikk i området og får opplyst at dette er kjente objekt, og at det ikkje er nokon grunn til bekymring.

Mykje tyder på at ballongane kjem frå Esrange Space Center ved Kiruna i Nord-Sverige.

Esrange skriv på nettsida at dei har sendt opp åtte ballongar i mai. Dette blir blant anna gjort i samarbeid med den amerikanske romfartsorganisasjonen Nasa.

Ballongane er ifølge Esrange dei største som er sende opp nokon gong. Dei største ballongane skal fly frå Nord-Sverige og til Canada.

Den største ballongen er på størrelse med Globe Arena i Stockholm.

Les også Forskningsrakett fra Sverige havnet ved en feil i Midt-Troms

Oppskytning av rakett ved Esrange Space Center i Kiruna i Sverige