Hopp til innhold

Bedrifter fryktar konkurs mot sommaren: – Vi held pusten

Bedriftene fryktar for månadane som kjem. Størst er frykta i nord, viser NHO si siste medlemsundersøking. – Ein føler seg veldig unyttig, seier leiar av reiselivsbedrift.

Trine og Alf Risvik ved Tromsø Friluftsenter.

Trine og Alf Risvik i Tromsø Friluftsenter har hatt full stopp i drifta sidan mars i fjor.

Foto: Tromsø Friluftsenter

Koronapandemien har ramma bedrifter hardt, frå små til store.

Regjeringa har byrja gjenopninga av landet, men tidspunkta for når ulike restriksjonar blir fjerna, eller når utanlandske turistar kjem tilbake, veit vi ikkje enda. Mange fryktar framleis månadane som kjem.

Det viser tala frå ei ny medlemsundersøking frå NHO.

Tala viser at meir enn kvar femte i Troms og Finnmark fryktar at det er ein reell sjanse for at dei vil gå konkurs på grunn av pandemien.

Kvar femte bedrift i Troms og Finnmark, Agder og Innlandet seier dei slit med å betale rekningar med kort frist.

Hardast ramma er bedriftene i Troms og Finnmark.

– I Nord-Noreg er reiselivet ei næring kor bedriftene ligg med brekt rygg. No må vi sørge for at bedriftene overlever effektane av koronapandemien.

Regiondirektør i NHO Arktis, Målfrid Baik, meiner det viktigaste no er at flest mogleg kjem ut i arbeid så fort som mogleg.

I løpet av det siste året har NHO gjennomført 18 medlemsundersøkingar for å avdekke korleis smitteverntiltak har verka inn på drifta.

Målfrid Baik NHO

Regiondirektør i NHO Arktis, Målfrid Baik.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Trass krisepakkar frå styresmaktene, ser tida framover framleis mørk ut for bedrifter og tilsette i nord, forklarer Baik.

– Veldig mange av bedriftene har no lån, dei har seld driftsmidlar, og utsett betaling av skattar og avgifter. Dei har ingenting å gå på lenger.

Har hatt driftsstans sidan mars i fjor

Troms og Finnmark har mange små- og mellomstore bedrifter, som er heilt avhengige av utanlandske turistar.

Tromsø Friluftsenter har gått frå sju til to tilsette, og har hatt full stopp i drifta sidan mars i fjor.

– Akkurat no er det eit lite vakuum, der vi berre sit og ventar på om det er mogleg å kome i gang å drive. Ein føler seg veldig unyttig, seier Trine Risvik.

Ho driv Tromsø Friluftsenter i Kvaløyvågen. Foreløpig er har dei ingen inntekt. Som dei fleste reiselivsbedrifter er dei svært råka av fråværet av utanlandske turistar.

I verste fall fryktar ho koronapandemien tar knekken på familiebedrifta.

– Dette er livsverket som vi har jobba hardt for å få til. Det hadde vore forferdeleg sårt om det ryk over ende, og vi mistar alt det vi har jobba for, seier Risvik.

Håpet er at norske turistar kan få det til å snu i løpet av sommaren. Turistar frå utlandet har booka seg frå september.

– Men vi veit jo ikkje. Ein går å held pusten litt.

Ønsker oppbyggingsplan

Regiondirektør i NHO Arktis, Målfrid Baik, meiner det må på plass ein reell plan for gjenopning også av næringslivet, der ein får meir midlar enn i kompensasjonsordninga vi har i dag.

– Bedrifter har opparbeida seg meir gjeld, eigenkapital er brukt opp og betaling av moms, skattar og avgifter, er utsett. Konkursar har blitt unngått, men når pandemien er over, skal dette blir betalt.

– Vi er no i ein situasjon der det er viktig å halde liv i bedriftene. Samtidig som ein må gjere tiltak som gjer at dei får musklar nok til å bygge seg opp igjen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark