Hopp til innhold

Fryktar dei mistar jobben etter siste nedstenging

Unge permitterte fryktar dei må gi opp jobben sin etter siste nedstenging. Nav ber unge i reiselivs- og utelivsbransjen sjå realitetane, og sette seg tilbake på skulebenken. Men Tom-Rune Ridderseth Hind nektar å gi opp på næringa si.

Tom-Rune Ridderseth Hind

Tom-Rune Ridderseth Hind har vore permittert frå resepsjonistjobben sidan april. No har samfunnet stengt ned enda ein gong, men han gir ikkje opp å kome tilbake til jobben sin.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Det siste året har han sett etter oppturane. Men kvar gong samfunnet sakte med sikkert har opna seg, har smittetoppane meldt seg på nytt.

– Det er jo litt som humøret. Det går opp og ned etter kvart som det blir håp og så nedstenging. Det er ingen som har lyst til å vere permittert, seier Tom-Rune Ridderseth Hind, som har vore permittert resepsjonist sidan april.

Ein av tre permitterte i Troms og Finnmark er under 30 år. Fleire enn nokon annan stad i landet.

Grunnen er ifølgje Nav at reiselivet og utelivet har blitt hardt ramma, der det jobbar mange unge med lågare formell utdanning.

– Å vere permittert er som å vere sjuk. Det er artig dei første tolv timane.

No har det snart vart eit år. Der dagane først og fremst har gått til dataspel og å vere sosial over nettet. Han tvilar på at han er tilbake i jobben på Raddison Blue før til hausten.

Storparten av unge permitterte i nord har vore det sidan mars-april, dei fleste frå reise- og utelivsbransjen. Grensa for kor lenge ein kan vere det nærmar seg med stormskritt.

– På tide med ei realitetsorientering

Grete Kristoffersen

Grete Kristoffersen er fylkesdirektør i Nav Troms og Finnmark.

Foto: Per-Inge Johansen

Nav trur nedstenginga gjer det mindre sannsynleg at unge permitterte får jobben tilbake, og at det truleg ikkje skjer før sommaren.

– Vi er uroa for at andelen permitterte vil gå opp, som følgje av dei nye strenge restriksjonane. At utelivet stenger kranene og dørene, seier fylkesdirektør Grete Kristoffersen.

Mest uroa er ho for dei som har gått permitterte sidan i fjor vår.

– Det er på tide med ei realitetsorientering blant dei unge, og vurdere å gjere ferdig vidaregåande eller starte på eit utdanningsløp, seier Kristoffersen.

– Det finst folk som vil jobbe i bar

Mange barar har måtte stenge heilt ned på grunn av nedstenginga. Baren Bastard i Tromsø stengde denne veka heilt ned for andre gong i pandemien.

Lori Markussen, Bastard

Lori Markussen er medeigar og styreleiar på baren Bastard. Ho har sjølv vore permittert sidan mars.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Eg har sjølv fått denne meldinga om å prøve å finne meg ein annan jobb. Men eg har jobba her i tolv år, seier medeigar Lori Markussen. Ho har sjølv vore permittert sidan mars.

Aller mest fryktar ho for sine tilsette. Det er ingen fleire å permittere.

– Det er mange både under og over 30 som har denne jobben som karriere. Det er urettferdig at dei blir bedt om å bytte. Det finst folk som vil vere bartenderar og jobbe her heile livet ut.

I første omgang held dei stengt til 18. januar. Om alkoholforbodet blir forlenga, må dei halde stengt lenger.

– Vi brukar mange ressursar for å trene folk. Du må kunne meir enn å berre tappe øl. Vi er redd for å miste dei gode folka vi har, seier Markussen.

Lori Markussen, Bastard Bar

I taket heng bilete frå stamgjestar og band. No er baren tom og konsertar avlyst. No fryktar ho at dei vil miste tilsette.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Vil ikkje gi opp jobben

Tom-Rune Ridderseth Hind reagerer også på at unge blir bedt å finne seg anna arbeid. Men han har søkt på fleire jobbar det siste året.

– Det er mange om beinet, og mange avslag, seier han.

Samtidig brenn han for næringa si. Det er dette han vil jobbe med.

– Eg håpar dei kan unngå oppseiingar så langt det lar seg gjere. Vi blør kompetanse frå den her næringa, så det håpar eg verkeleg ikkje skjer, seier Ridderseth Hind.

Tom-Rune Ridderseth Hind

Det er slik Tom-Rune Ridderseth Hind helst vil vere. Resepsjonist på Raddison Blue i Tromsø.

Foto: Privat

Stortingsrepresentant Cecilie Myrseth (Ap) reagerer på uttalen til fylkesdirektøren, mellom anna fordi dette er jobbar som samfunnet trenger.

– Eg synest det er krevjande at ein framstiller det på den måten. Vi må ikkje gi eit feilaktig bilete om at det berre er å søkje ny jobb og utdanning. Vi er i ein unntakssituasjon, jobbane står ikkje i kø, seier Myrseth.

Cecilie Myrseth

Cecilie Myrseth, Stortingsrepresentant Ap.

Foto: Pål Hansen / NRK

Ho meiner permisjonsordningane må forlengast, slik at dei permitterte slepp å seie opp jobben etter eitt år som permittert.

– Vi må sørgje for ordningar som sikrar arbeidstakar og bedrift. No har koronavaksinen kome og vi byrjar å sjå starten på slutten. Vi kan ikkje gi oss no når vi har stått i dette i eitt år, seier ho.