Hopp til innhold

Avinor med kampanje mot ulovleg bruk av dronar i Tromsø

Tromsø lufthamn og Troms politidistrikt tar grep for å få ned droneturismen.

Droner Tromsø lufthavn

Kampanje på Tromsø lufthamn.

Foto: Avinor

Ulovleg flyging med dronar i forbodssona i Tromsø er blitt eit omfattande problem.

Det siste året er svært mange personar tatt av politiet etter slik droneflyging. Dei er blitt bøtelagt, dronen beslaglagt og enkelte personar er også blitt utvist frå Noreg på grunn av dette.

– Vi har hatt ein del ulovlege flygingar innanfor forbodssona til Tromsø lufthavn det siste året. Det kan potensielt få store konsekvensar for både flytrafikken og for ein sjølv, uavhengig av om du er lokal eller turist, seier Svein-Harald Johannessen, sjef sikkerheit og miljø ved Tromsø lufthavn i ei pressemelding.

Les også Vil stramme inn på droneflyvning: – Vi ser stadig mer uønsket og ulovlig droneaktivitet

Drone

No har man laga ein utstillingsmonter i framkomsthallen på flyplassen i Tromsø fylt med rundt 15 beslaglagde dronar frå politiet.

– Politiet har hatt gode kampanjar retta mot utanlandske dronepilotar, og jobba med strategiske plasseringar i Tromsø. I starten av året fekk vi inn fleire saker på kort tid og måtte erkjenne at plakatane ikkje var synlege nok. Da blei vi nøydd til å tenke nytt, seier næringslivskontakt Merethe Samuelsen i Troms politidistrikt.

Droner Tromsø lufthavn

Dronar utstilt på Tromsø lufthamn.

Foto: Avinor

Utstillinga skal auke bevisstheita om dronereglane.

– Vi meiner at dersom dette kan forhindre for eksempel turistar som berre er tankelause og ikkje med kunnskap og vilje ønsker å gjere lovbrot, så er det et godt formål. I tillegg vil det spare samfunnets ressursar og skape tryggare flytrafikk, dersom vi får ned den ulovlege flyginga, seier Samuelsen.

Hittil i år har politiet i Tromsø beslaglagt 31 dronar.

Les også 15 turister utvist i 2023 – ny teknologi avslører drone-syndere

Drone Ishavskatedralen