– Det er ein balansegang mellom å ha store delar av fisket til lokalbefolkninga, utanbys og utanlandske besøkande og kongar og hertugar som kjem.
Det seier Karianne Johansen, styreleiar i Alta Laksefiskeri Interessentskap (ALI).
ALI har forvalta Altaelva sidan 1725. Og dette skal ikkje gå upåakta forbi i år, lover Johansen.
– Det er gøy å vere i ein organisasjon som er 300 år. Eg har intervjua bortimot 100 personar. Så vi har mykje informasjon både på film og på lyd. Eg trur vi har kategorisert totalt 2500 bilda snart. Og mykje av dette stoffet vil bli delt med alle saman.
Men samtidig som jubileet skal både feirast og markerast gjennom året, så ventar også ei rekke utfordringar.
Karianne Johansen er styreleiar i Alta Laksefiskeri Interessentskap (ALI).
Foto: Kai Erik Bull / NRKEnda eit pukkellaksår
Ein av dei er pukkellaksen.
– Pukkellaksen er jo dessverre noko vi no opplev annakvart år. Vi må gjere alt for å få han vekk frå elva.
For pukkellaksen høyrer ikkje naturleg til i Altaelva. Likevel kjem den som ein invasjon, annakvart år i fleire norske elvar.
– Det er veldig mange usikkerheitsfaktorar i forhold til pukkellaksen og kva slags innverknader han har på villaksen. Vi veit altfor lite om pukkellaksen, seier ho.
– Men vi håpar jo etter kvart å få eit fellesystem som kan sortere ut denne fisken, legg Johansen til.






Fleire truslar
Sjølv om pukkellaksen er ei utfordring ALI set høgt opp lista, utgjer han ikkje den største trusselen for elva og villaksen, som elles er raudlista. Utfordringane står nærast i kø for ALI.
– Rømt oppdrettslaks, geninnblanding og lakselus er dei største trusselfaktorane for oss.
– Og det var frykteleg mykje lakselus i fjor. Det skal ikkje mange til for å drepe ein yngel i elva, seier Johansen.
Høyr heile radiointervjuet under her. Der fortel ALI meir om historia si, konfliktar om elveretten, kongebesøk – og til og med ei lita røvarhistorie:
Høyr radiointervju med ALI om 300-årsmarkering i Finnmarkssendinga her.
Framleis ein av dei beste i verda
Mykje har skjedd i løpet av 300 år med forvaltning av Altaelva.
I forkant av utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget i 1981 frykta mange at den populære lakseelva i Finnmark skulle bli fullstendig øydelagd.
Men førti år etterpå kappast framleis sportsfiskarar frå heile verda om å komme til elva, som også er kjent som ei av dei beste elvane i verda.
Altaelva har med andre ord eit godt rykte.
– Korleis skal ein bevare det gode ryktet framover?
– Folk får moglegheita å komme og fiske her, og det er tilgjengeleg for lokalbefolkninga, seier Karianne Johansen.
Og ho legg til:
– Så vi er jo heldige som har ei så brei folkemengde som vil vere her.