Hopp til innhold

Vil leggje ned distriktsskular: – Skulestrukturen i Tromsø er kostbar

Byrådet i Tromsø foreslår fleire endringar i skulestrukturen i distrikta. – Nødvendig, meiner byråd for utdanning, Anna Amdal Fyhn.

Anna Amdal Fyhn

Byråd for utdanning i Tromsø kommune, Anna Amdal Fyhn.

Foto: NRK

Byrådet har i vinter hatt forslag til ny skulestruktur i distrikta ute på høyring, og fått mange innspel om korleis dei burde prioritere. «Vi har lytta nøye på folk ute i distrikta» heit det frå byråd for utdanning i Tromsø kommune, Anna Amdal Fyhn, etter at høyringsrunden var over.

No foreslår byrådet å leggje ned Skogvik skule på Rebbenesøya og flytte mellomtrinnet frå Kattfjord skule til Brensholmen.

Nødvendig, meiner Fyhn.

– Det som er ei utfordring for kommunen, er at vi har ein relativt kostbar skulestruktur med mange småskular.

Har det vore vanskeleg å kome til denne løysinga?

– Eg synst ikkje dette har vore spesielt vanskeleg. Det har vore interessant å få innspel, frå mange hold. Det er mange år sidan vi har sett på skulestrukturen, mellom anna i distrikta, seier Fyhn.

Betre undervisningstilbod

Byrådet si vurdering av skulestrukturen, er altså å leggje ned Skogvik skule og å flytte elevar frå Kattfjord til Brensholmen.

– Skogvik er den einaste skulen vi foreslår å leggje ned frå hausten. Det har samanheng med at det berre er to elevar på skulen. Det er eit veldig lite læringsmiljø, seier Fyhn og legg til:

– Vi har også store utfordringar med å rekruttere lærarar til desse elevane.

Desse elevane vil frå hausten av få sitt undervisningstilbod på Hansnes skole i Karlsøy kommune.

Lar det seg praktisk løyse?

– Det er klart at det blir ein lang reiseveg for elevane, den ser eg. Så er det sånn at om nokre år er det nye elevar som skal byrje på skulen, men det er for langt for så små elevar å reise til Hansnes. Da må skuletilbodet vurderast på nytt.

Mellomtrinnet flyttar

I Kattfjord vil elevane på mellomtrinnet, altså frå 5. til 7. klasse bli flytta til Brensholmen. Dette har skapt reaksjonar, da skulen i Kattfjord er heilt nyrenovert. Også her argumenterer Fyhn for at læringsmiljøet vil vere betre for elevane på ein større skule.

– Sjølvsagt kosta renoveringa mykje pengar, men da skulen vart renovert blei alle elevane flytta til Brensholmen. Mange hadde kanskje håpa på å få flytta tilbake igjen, men vi foreslår å halde dei der.

– Er det kostbart for kommunen å halde oppe strukturen som er ønskeleg frå innbyggarane?

– I Tromsø er det mange skuler og mange små skuler som er spreitt. Da blir det ein relativt dyr struktur. Vi bur jo i ein langstrekt kommune.