Hopp til innhold

Trafikkulykke i Harstad - førar sendt til sjukehus

Politiet mistenker promillekøyring.

Kvæfjordeidet

Like etter klokka 07 søndag morgon fekk politiet i Harstad inn melding om ei trafikkulykke ved Kvæfjordeidet. Det var ein forbipasserande som melde ifrå om ulykka.

Føraren av bilen var aleine i bilen og er frakta til sjukehuset.

– Det er mistanke om promillekøyring, opplyser operasjonsleiar i Midtre Hålogaland politidistrikt, Stig Hansen.

Bilen hamna eit godt stykke utanfor vegen, og det skal vere skader på bilen.

Førarkortet er beslaglagt og det er oppretta sak på forholdet, opplyser politiet.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark