Hopp til innhold

To unge menn må i fengsel etter fyllekøyring

To menn i 20-åra dømt for fyllekøyring i Harstad.

Trondenes tingrett

To menn er dømt i Trondenes tingrett etter ein alvorleg køyretur i sommar.

Foto: Nils Mehren / NRK

Hendinga skjedde om kvelden 3. august i fjor. Ein bil hamna da på taket med to personar i bilen, like ved Stangnes vidaregåande skule i Harstad. Ingen personar blei skadd i trafikkulykka, men det var svært store skadar på bilen.

To menn var i bilen da ulykka skjedde, men den eine av dei stakk frå ulykkesstaden til fots etter å ha fjerna registreringsskilta på bilen.

Eigaren av bilen blei ståande igjen ved bilen til ambulanse, brannmannskap og politiet kom. Han fortalde da politiet at dei to skal ha drukke ein del alkohol før dei sette seg i bilen.

Det var uklart for politiet kven som hadde køyrt bilen da ulykka skjedde, og dei to mennene i 20-åra hadde begge promille. Mannen som forlét ulykkesstaden hadde ein promille på 1,29 da han tok ein blodprøve hos politiet eit par timar etter ulykka.

Den andre mannen, ein mann i midten av 20-åra, eigde bilen som hamna på taket. Han hadde ein promille på 2,22 to timar etter hendinga.

Fengsel og fråteke førarkort

I dommen frå Trondenes tingrett heiter det at det var uklart for politiet kven som hadde køyrt ulykkesbilen, fordi dei to skulda på kvarandre.

Begge fekk beslaglagt førarkortet etter hendinga.

Tingretten meiner at eigaren av bilen med skjellig grunn kunne mistenkast å for å ha overlate køyringa til den yngste, og har på bakgrunn av bevisføringa i saka funne det bevist over rimeleg tvil at det var den yngste av dei to som køyrde bilen i rusa tilstand.

Føraren av bilen er dømt til 30 dagar ubetinga fengsel for å ha køyrt i rusa tilstand, i tillegg til ei bot på 10.000 kroner. Han mistar også førarkortet i to og eit halvt år.

Eigaren av bilen er dømt til 25 dagar ubetinga fengsel, for å ha latt ein person som var rusa køyre bilen. Tingretten la vekt på dei skjerpande omstendigheitane, som at trafikkuhellet skjedde i eit bustadområde kor det gjekk folk langs vegen. Han må også betale ein bot på 10.000 kroner. I tillegg mistar han førarkortet i to år.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark