Hopp til innhold

Vegtrafikksentralen: – Vi anbefalar at folk held seg heime

Svært glatte vegar og uvêr skapar vanskelege køyreforhold i Troms. Vegtrafikksentralen ber folk halde seg heime og ikkje leggje ut på tur.

Kolonnekjøring
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Det er dårlege køyreforhold fleire stader i fylket.

– For dei som absolutt ikkje må ute og køyre, så anbefaler vi at dei held seg heime. Det var Troms som blei ramma hardast når vintervêret kom tilbake, seier trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen, Synnøve Lukkassen.

Spesielt på E6 gjennom Troms er det glatte parti, og Vegtrafikksentralen opplyser på sine nettsider om vanskelege vegar fleire stader.

På E6 over Gratangsfjellet er det snø- og isdekke, og fare for glatte parti. Her kan det innførast kolonnekøyring på kort varsel. Det er nordvestleg liten kuling og snøbyger i området.

Vegen vart stengt tidlegare i ettermiddag da eit vogntog fekk stans, men er no rydda etter bilberging, melder Statens vegvesen.

Og over Kvænangsfjellet er det kolonnekøyring på grunn av uvêr, og her kan vegen bli stengt på kort varsel.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark