Hopp til innhold

Skuterulykke ved Kilpisjärvi

Skuterulykke i ettermiddag.

Kilpisjärvi

Ein finsk mann var involvert i ei snøskuterulykke tidlegare i ettermiddag.

Ulykka skal ha skjedd på norsk side av grensestasjonen ved Kilpisjärvi i Finland.

Det melder Hovedredningsentralen Nord-Norge på sin twitterkonto.

– Vi fekk melding frå Oulu alarmsentral om at det hadde vore ei skuterulykke på norsk side av grense av grensestasjonen. Det dreide seg om eit følgje på 4-5 stykker, og ein av dei hadde kræsja med skuteren og hadde brystskader. Han var framleis bevisst, seier Tor Erik Torkelsen hos Hovedredningsentralen Nord-Norge.

AMK og lokal redningssentral (LRS) i Troms rykka ut til staden for å hjelpe til mannskap som kom frå Oulu for å hente mannen.

– Dei andre i følget hadde tatt med seg mannen til tollstasjonen. Oulu alarmesentral sendte bil for å hente mannen heim igjen, fortel Torkelsen.