NRK Meny
Normal

Skiløparar gjekk seg vill - funne i god behald

To skiløpara måtte ha hjelp av Røde Kors ved Altevatn i Indre Troms.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet i Troms måtte i ettermiddag sette igong ein redningsaksjon ved Altevatn-området etter at to skiløparar bad om hjelp.

Dei to skal ha gått seg vill i terrenget, og den eine av dei skal ha mista ei ski.

Politiet melder no at dei to skiløparane er funne i god behald av Røde Kors. Dei blir no frakta ned med skuterpatrulje.