Hopp til innhold

Serverte kloakk som drikkevatn

Folk i Kautokeino fekk servert kloakkvatn som drikkevatn. Kommunen visste om det, men lét vere å melde ifrå.

Kommunelege 1 i Kautokeino, Øyvind Vannbakk er ikkje i tvil om at bakteriane som nyleg vart funne i drikkevatnet, stammar frå avføring.

 – Det er anten avføring frå dyr eller menneske, opplyser Vannbakk, som seier at ei slik forureining kan vere farleg. Han liker ikkje at Kautokeino kommune serverer kloakk til innbyggjarane.

Varsla ikkje

Kommunen trur at kloakken har blanda seg med drikkevatnet i samband med utskifting av røyr. Teknisk sjef i Kautokeino, Sten Olav Hætta, seier til avisa Minaigi at fråvêr var grunnen til at kommunen ikkje varsla i frå om dette.

- Det vart forsåvidt varsla til helsestyresmaktene, men det vart ikkje sett i verk koking, då prøven viste seg å vere negativ, seier Hætta til NRK i dag.

Fleire funn

I følgje eit brev Mattilsynet har sendt til Kautokeino kommune, har det blitt funne bakteriar frå avføring ved fire tilfelle etter einannan. Distriktssjef i Mattilsynet, Vibeke Elvenes, synst det er heilt uakseptabelt at kommunen ikkje varsla i frå om dette.

 – Det er viktig at kommunen melder i frå, for folk kan jo bli sjuke av vatnet, seier Elvenes.

 Kommunen har plikt til å varsle om slike saker, men Mattilsynet vil ikkje melde dei til politiet for ikkje å ha varsla i dette tilfellet. Vatnet i Kautokeino skal no vere reint igjen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark