Hopp til innhold

No kjem vinteren - i alle fall for eit par dagar...

Snø i vente, men det får ikkje ligge særleg lenge.

Snømåking

Den første snøen kjem til veka, men det er nok enno ei stund til du må i gang med måkinga.

Foto: NRK

– Det ser som at dei aller fleste stadene i Troms får snø i løpet av morgondagen, seier vakthavande meteorolog hos Vêrvarslinga i Nord-Norge, Ola Mellem.

Det går mot kjøligare dagar, og dermed får vi eit snarbesøk av Kong vinter.

– Det er venta vestleg liten og periodevis stiv kuling, det vil regne og etter kvart som det blir lågare temperaturar så blir det overgang til sludd- og snøbygar, seier Mellem.

Snøgrensa vil starte på 300 meter og vil falle i løpet av dagen, og dermed vil det også kome snø i låglandet.

– Vil det vare lenge?

– Det kjem snø på tysdag også, og så er det mogleg at nedbøren minkar når det blir onsdag, og da kan det bli litt mildare i lufta. Men snøen blir nok ikkje liggande over lengre tid, i låglandet blir det nok mildare igjen. Det kan skje allereie i løpet av tysdag ettermiddag, svarar meteorologen.

– Det er slutten av oktober no. Er den første snøen litt sein i år?

– Den pleier å kome tidlegare, men det er nok ikkje heilt uvanleg heller. Eg trur det er 14. oktober som er gjennomssnittsdatoen for første snøfall her i Troms, seier Mellem.

Og sjølv om den første snøen sikkert er kjærkomen for mange, må ein nok smørje seg med tolmod om ein ventar på den ordentlege vinteren:

– Det er ingen klare vintertendenser foreløpig.