NRK Meny
Normal

Kvinne falt ned frå tredje etasje

Fest i Tromsø fekk brå slutt etter fallulykke.

Laster kart, vennligst vent...

Ulykka skjedde ved Strandvegen på Bjerkaker i Tromsø.

Ein 19 år gammal kvinne falt ned frå ein balkong i tredje etasje på ein bustad ved Strandvegen på Bjerkaker i Tromsø.

Det skal ha vore fest på staden der kor ulykka skjedde.

Politiet melde om ulykka rett etter midnatt natt til søndag. Politiet rykka ut til staden, og det var fleire vitne som fekk med seg hendinga, og politiet fekk tatt avhøyr på staden.

Den 19 år gamle kvinna blei køyrt til UNN med ambulanse.

– Ho er moderat skadd og tilstanden er stabil, opplyser kommunikasjonsrådgjevar ved UNN, Jan Fredrik Frantzen til NRK søndag morgon.