Hopp til innhold

Kunnskapsminister: Uroa for dei vidaregåande skulane i Nord-Norge

Vidaregåande skular i Troms gjer det dårlegast i ein landsomfattande rapport. Kunnskapsministeren seier han er uroa for skulane i nord.

tri

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre seier han er uroa for dei vidaregåande skulane i Nord-Norge, som kjem dårleg ut i ein fersk rapport frå Kunnskapsdepartementet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det var jo negative tal for oss i Nord-Troms, og det er jo eit trist tal å få. Det er ikkje tal ein ønsker å få.

Det seier rektor ved Nord-Troms vidaregåande skule, Olaug Bergset. Skulen ho er rektor for, har fått lågast score av alle dei vidaregåande skulane i fylket i ein omfattande rapport som blei publisert av Kunnskapsdepartementet i dag.

Olaug Bergset, rektor ved Nord-Troms vgs

Olaug Bergset er rektor ved Nord-Troms vgs.

Foto: Privat

Rapporten frå Kunnskapsdepartementet der alle dei 359 vidaregåande skulane i landet er vurdert, viser at dei vidaregåande skulane i Nord-Norge har lågare skulekvalitet enn landsgjennomsnittet. Skulekvaliteten er målt på ein skala frå 1 til 6, og landsgjennomsnittet ligg på 3,1.

Gjennomsnittet for Troms ligg på 1,8, noko som plasserer Troms fylke på botn av lista.

Kultur og forventingar

Nord-Troms vidaregåande skule, der Bergset er rektor, har fått ein score på 1,0.

På spørsmål om kva som kan vere årsaka til at skulane i nord gjer det dårlegare enn skulane elles i landet, svarer rektoren slik:

– Eg trur det er ei blanding av fleire ting. Det er ei blanding av kultur, forventingar, eit småskala næringsliv kor det er vanskeleg å få læringsplassar.

Bergset peikar på ei undersøking gjort i Finnmark, som viser haldningar til vidaregåande utdanning.

– Ungdommane og resten av samfunnet synest kanskje ikkje det er så viktig å fullføre vidaregåande utdanning. Denne rapporten er nokre år gammal, men eg trur desse haldningane er i ferd med å endre seg og at Nord-Norge etter kvart nærmar seg snittet frå resten av landet.

  • Her kan du lese rapporten frå Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapsministeren: – Uroa

– Dette er ein rapport som seier noko om kor mykje skulen har klart å løfte eleven, gitt eleven sitt utgangspunkt. Her er det store forskjellar mellom skulane, sjølv om det ikkje seier noko om heile skulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

tri

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Men er du uroa for dei vidaregåande skulane i Nord-Norge når resultata er så låge som dei er?

– Ja, eg er uroleg. Det burde vi også vere. Veldig mykje er bra med dei vidaregåande skulane i Nord-Norge, men når vi ser at dei ikkje klarer å løfte elevane like godt som andre plassar i landet, så er ikkje det fordi dei nordnorske elevane er dårlegare enn andre elevar. Det er eitt eller anna dei klarer å gjere andre plassar og på andre skular, som ikkje alle skulane i Nord-Norge får til.

Fylkesråd for utdanning i Troms, Roar Sollied, seier dette om resultata frå rapporten:

– Vi er ikkje opptatt av å hamne øvst på ei rangering. Vi er opptatt av å gjere det beste ut av vidaregåande skule i Troms, ut ifrå dei føresetnadane vi har.

Roar Sollied

Fylkesråd for utdanning i Troms, Roar Sollied.

Skolekvalitet ved vidaregåande skular i Troms

Skole

Skolekvalitet

Bardufoss Høgtun*

2

Breivang

1.2

Breivika

1.8

Heggen*

2

Kongsbakken

2

Kvaløya

1.8

Nordkjosbotn

1.6

Nord-Troms*

1

2.5

Senja*

1.8

Sjøvegan

1.7

Stangnes

2.2

Tromsdalen

1.6

Tromsø Maritime Skole

2.1

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Rapporten Skolekvalitet i vidaregåande opplæring, Senter for økonomisk forsking (SØF), 2016. Skulane som er markert med stjerne, har vore råka av strukturelle endringar som samanslåingar eller liknande i perioden 2008 – 2014.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark