Hopp til innhold

Kravet frå Fagforbundet falt - ikkje rettssak om privatisering

Nord-Troms tingrett tar ikkje til følge kravet frå Fagforbundet i LO om å stanse avtala om konkurranseutsetjing av reinhald i Tromsø kommune.

Nord-Troms tingrett

Bakgrunnen for kravet kom etter at det blei klart at byrådet i Tromsø inngikk avtale med ISS om å ta over 25 prosent av det kommunale reinhaldet.

Byrådsleiar Øyvind Hilmarsen (H) sa til NRK da avtala vart klar i starten av månaden at kommunen vil spare mykje på at 25 prosent av reinhaldet blir konkurranseutset.

Anbodskonkurransen vart publisert i august, og tilbydaren ISS blei tildelt kontrakten 30. september. Kommunen skal i dag inngå kontrakt med ISS.

Fagforbundet ville at retten skulle stanse avtala, som sitjende byråd gjorde med det private selskapet ISS rett før Ap, Rødt og SV overtar styringen i Tromsø.

Fagforbundet ønska å forby Tromsø kommune å inngå avtale om kjøp av reinhaldstenester før nytt byråd skal konstitueres på onsdag denne veka, og ville på bakgrunn av dette saksøke kommunen.

I kravet frå Fagforbundet heiter det: «Etter Fagforbundets syn vil kontraktsinngåelse vedrørende kjøp av renholdstjenester innenfor Fagrents område være en illojal utøvelse av arbedisgivers styringsrett og dermed en ugyldig styringsrettbeslutning.»

Retten bestemte i går kveld at klagen ikkje vert tatt til følge.

Fagforbundet må innan to veker betale sakskostnadar til Tromsø kommune på 14.550 kroner.