Hopp til innhold

Kråke blei ein uheldig brannstiftar

Ei kråke var årsaka til ein lyngbrann på Ibestad i Troms. – Eit stort problem at fuglar kjem i kontakt med høgspentleidning og døyr, seier fugleekspert.

Grilla kråke

BRANNSTIFTAR: Det er ikkje uvanleg at fuglar skaper brann når dei kjem i kontakt med høgspentleidningane. – Skogsterrenget er ei dødsfelle, seier Morten Ree i Norsk Ornitologisk Forening.

Foto: Bjørn Karlsen

Det var ei uheldig kråke som var årsaka til ein lyngbrann på Ibestad i Troms 5. august.

At fuglar flyr inn i kraftleidning er eit aukande problem. Med auka utbygging av kraftnettet skjer det stadig at fuglar tar fyr og startar brannar. Det er også tilfelle kor det blir straumstans når fuglar kolliderer med leidningane.

– Eit stort problem

Morten Ree i Norsk Ornitologisk Forening seier at linjegate som går gjennom eit skogsterreng er ei dødsfelle for mange fugleartar.

– Det er eit stort problem at fuglar kjem i kontakt med høgspentlinjer og andre kraftførande straumlinjer og døyr. Ein har funne store mengder døde fuglar liggjande under kraftleidningar, seier Ree.

Foreininga jobbar for vern av naturen, særleg fuglefaunaen, og for å fremje interessa og betre kunnskapen om fuglar.

– Eit anna problem er når fuglane set seg på høgspentmastene. Når dei skal ta av igjen kan det føre til overslag. Det er fleire eksempel på at dei rett og slett tar fyr, seier Ree.

Når dei fell ned er det fleire eksempel på at det har ført til lyng og skogbrann. Det gjeld stort sett litt større artar, frå kråker til ugler til ørner.

Kråke ved høyspentledning

UHELDIG: Kråka tok fyr etter å ha vore i kontakt med ein høgspentleidning.

Foto: Bjørn Karlsen

Norsk Ornitologisk Forening har vore i samtalar med kraftselskap for å avgrense faren straumleidningar har for fuglelivet.

Dei jobbar for at selskapa skal grave ned linjene, spesielt i område med mykje fuglar.

– Jordkablar er mykje dyrare å legge, men det lar seg gjere. Det fører til eit mykje betre resultat med ein gong, seier Ree.

– Såg rimeleg grilla ut

Per Helge Sæter, ingeniør i Hålogaland kraft veit ikkje om han har sett noko liknande tidlegare.

– Her må brannen ha blitt forårsaka da kråka var i kontakt med høgspentleidning. Det må ha komme ein gneist som i kombinasjon med tørt terreng forårsaka brannen, seier han.

Det at fuglar skaper brann er ikkje ukjent, det er til og med fuglar som skaper brann for å skremme fram byttedyr

Person har filmet brann på Ibestad

LYNGBRANN: Kjersti Eriksen filma brannen på Ibestad som blei forårsaka av ein kråke.

At det var ei kråke som var årsaka til gras- og lyngbrannen på Ibestad er ikkje utrykkingsleiar Andre Skog i brannvesenet på Ibestad i tvil om.

– Brannen starta like under høgspentleidningen og spreidde seg fort sørover med vinden, fortel Skog.

Det frivillige brannvesenet på sju personar brukte rundt fire timar på å sløkkje brannen.

– Vi var i ferd med å avslutte sløkkjearbeidet da vi fekk auge på kråka. Den såg rimeleg grilla ut, seier Bjørn Karlsen som er ein av dei frivillige brannmennene.

Sjekker temperatur med varmekamera

FRIVILLIG BRANNVESEN: Stian Paulsen og Steffan Normann sjekkar temperaturen med varmekamera etter sløkkinga.

Foto: Bjørn Karlsen

Ifølgje han har fjørdrakta til fuglen tatt fyr og starta brannen.

– Det skjedde ein knapp kilometer frå brannstasjonen slik at vi var raskt på staden med brannbil og tankvogn. Eg er glad det ikkje spreidde seg til busetnaden som ligg ca. 400 meter unna, seier Karlsen.