Hopp til innhold

I dag er det harstadjenta Thea (12) sin store kveld

I dag er det harstadjenta Thea (12) sin store kveld når ho er med i finalen i MGP Jr. Med seg i publikum har ho 160 supporterar!

Thea Floer Kulseng

Harstadjenta Thea Floer Kulseng er i kveld med i finalen i MGP Jr.

Foto: Hege Nelvik / NRK

– Faktisk så gruer eg meg ikkje så mykje, men eg er så klart spent på korleis det kjem til å gå. Når det er nokre sekund igjen før eg går på scena, så vil eg kanskje grue meg litt.

Det fortel 12 år gamle Thea Floer Kulseng frå Harstad, på telefon frå Oslo Spektrum.

Denne laurdagen i november kjem ho til å hugse resten av sitt liv – i kveld skal ho nemleg vere med i finalen i MGP Jr., og i timane før tv-sendinga startar handlar mykje om å få den siste finpussen på plass.

Ho skal framføre låten «Du gjør mæ så glad», som ho også har fått dansetrinn til.

– Eg har fått nokre dansetrinn til refrenget. Vi har øvd sjukt mykje, så eg trur det kjem til å gå bra, seier Thea entusiastisk.

Thea fortel at alle som er med i konkurransen har blitt veldig gode vener:

– Eg heiar på alle! Vi som er med pleier å seie til kvarandre at «viss ein vinn, så vinn vi alle», så vi er veldig glade på kvarandre sine vegne.

160 fans i publikum

Thea sin song blei valt ut blant meir enn 700 bidrag som kom inn til konkurransen i år.

Songen «Du gjør mæ så glad» har Thea laga sjølv, med bestevenninna Vilde Seime Johansen som god hjelpar.

Når ho står på scena i Oslo Spektrum, er bestevenninna Vilde med som publikum.

– Det blir fantastisk, eg skal synge til ho og eg kjem garantert til å tenke på ho mens eg syng, seier Thea.

– Kva har vore det beste med MGP Jr. så langt?

– Å bli kjent med så mange flotte folk. Det her er draumen, og det er veldig bra å få oppleve det. MGP Jr. er sjansen min. Og så er det eit kjempebra og barnevenleg program, fortel harstadjenta.

Og når Thea står på scena, da er det ikkje berre bestevenninna Vilde som heiar på ho. Blant publikum har ho nemleg ein supportergjeng beståande av 160 fans! Og mange av dei har reist langt for å sjå Thea på scena.

– Det er mange frå familien og vener, og så er det mange i klassen som skal kome i Spektrum!

Korleis trur du det kjem til å gå i kveld?

– Eg trur det går bra!