Hopp til innhold

FrP og SV i debatt: Skal vi hjelpe i Syria eller Saudi-Arabia?

SV i Tromsø meiner det er mogleg å hente til saman 140 syriske flyktningar til byen, samtidig som ein hjelper flyktningar i Midtausten.

SV i Tromsø mener det er mulig å hente tilsammen 140 syriske flyktninger til byen, samtidig som en hjelper flyktninger i Midtøsten. Ordførerkandidater Ingrid Kielland fra SV debatterer Annie Skogmann fra FrP.

FLYKTNINGDEBATT: Ingrid Marie Kielland frå SV og Anni Skogman var i natt i debatt om flyktningsituasjonen i Europa og korleis Tromsø skal hjelpe.

Vallogo

I eitt døgn sender NRK valstafett frå heile landet, og i natt var det fleire direktesendte debattar frå Tromsø. I ein av desse, var det to ordførarkandidatar frå kvar sin politiske fløy som møtte kvarandre i duell: Anni Skogman frå FrP og Ingrid Marie Kielland frå SV.

Byrådet i Tromsø har gått inn for at Tromsø skal ta imot 70 ekstra flyktninger frå Syria på bakgrunn av krisen i Europa.

I debatten i natt sa Kielland at ho meiner det er mogleg å ta til saman 140 syriske flyktningar til byen, samtidig som ein hjelper flyktningar i Midtausten.

Skogman, på si side, meiner det er betre å hjelpe flyktningane der dei er og foreslår nærområda som til dømes Saudi-Arabia.

  • Sjå video frå debatten i natt øvst i saka!

Flere nyheter fra Troms og Finnmark