NRK Meny
Normal

Frost med personleg retroprosjekt

Framtida har alltid vore det sentrale for Aggie Peterson og Per Martinsen. Dei har vore på jakt etter det urbane og aldri hatt ønske om å sjå seg tilbake. No er dei likevel blitt innhenta av fortida.

Video Frost med personleg retroprosjekt

VIDEO: Per Martinsen og Aggie Peterson med nytt prosjekt.

Artikkelen er flere år gammel.

Aggie Petersons besteforeldre, Herta og Leif Grøndal, har nemleg fått ein sentral posisjon i bandets nye prosjekt. Når dei to musikarane nyleg hadde konsert i Longyearbyen Kulturhus var det til bakteppet av besteforeldras unike bilete frå Svalbard.

Fotografi av kvinner og menn som valgte eit liv i Arktis på femti og seksti-talet, vist på storskjerm, gir ein ny dimensjon til det moderne lydbiletet.

– Det blir spanande å sjå korleis me kan bruka desse nostalgiske bileta saman med dette litt meir moderne teknologiske uttrykket som me har no. Fordi på femti og seksti tallet, den tida bileta er frå, er det også ein utruleg optimisme rundt teknologi og nyvinning. Så det er ganske artig å koble desse tinga saman, nostalgi og teknologi i ei forening, seier Aggie Peterson.

Ho kallar Grøndal samlinga for ein uutømmeleg skatt. Fotografia av dagleglivet på Svalbard den gong då gjer henne nyfiken på korleis det var å bu på ein så isolert plass, og samstundes kanskje lengta litt heim til der ein eigentleg kom i frå.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Retroestetikk

Frost på scenen

VIDEO: Aggie Peterson og Per Martinsen i sitt rette element.

Foto: Kjersti Strømmen

Det å lengta etter ei tid som er borte er ei internasjonal trend som også Frost boltrar seg i.

– Det har vore veldig mye fokus på å finna tilbake til retroestetikk. Heile kloden har vore oppteken av det dei siste ti åra. Berre den måten ein lagar apps som skal gjera at iphone kan ta bilete som ser ut som om dei er tatt av hennar mormor på seksti talet seier jo litt. Det er jo noko ein på eit merkeleg vis er oppteken av, seier Per Martinsen.

Også Per Martinsen har røter på Svalbard. I hans slekt fins det fangstmenn og oppdagarar som alltid lengta mot nord. Dei to musikarane kjenner seg att i tronga til å utforska. Dei gjer det helst på musikalsk vis. Men, no kjenner også dei ei stadig sterkare dragning mot det øde og iskalde arktiske livet.

Frost sitt neste album, Radio Magnetic, er inspirert av Svalbard og kjem ut i mars 2012.