NRK Meny
Normal

Brann i Harstad i natt

To personar sendt til legevakt etter brann i bustad.

Brann i Skolegata i Harstad

Brannen var i meinigheitshuset til den katolske kirke i Harstad.

Foto: Nils Mehren / NRK

Fagleiar brann, Just Glomsås, seier til NRK at brannen starta i 05-tida. Samtidig fekk politiet melding om brannen.

Meldinga var da at det brann i ein bustad i Harstad sentrum. Dei to bebuarane kom seg ut av huset, og blei sendt til legevakta for sjekk.

Brannen var i meinigheitshuset til den katolske kirke i Harstad. Sjølve kirka blei ikkje skadd i brannen.

Brann i Skolegata i Harstad
Foto: Nils Mehren / NRK

Brannen var i Skolegata i Harstad sentrum, kor det er svært tettbygd, med trehus på alle kantar.

Brannmannskap driv no med etterslokking på staden.

Politiet seier dei ikkje veit årsaka til brannen.

Fleire nabobygg skal også vere skadd i brannen av røyk og ild, ifølgje NRK sin reporter på staden.

Kenneth Johansen som bor i huset som brant, forteller til Harstad Tidene at han så flammer komme ut av varmepumpen da han kom seg ut av huset.

– Jeg vil tro brannen kan ha startet der, sier Johansen til avisa.

  • Sjå video:
    Brann i meinigheitshuset til den katolske kirka i Harstad.