Hopp til innhold

Bil på taket i Lavangsdalen

Ingen kom til skade etter trafikkuhell på E8.

Lavangsdalen

Ein personbil mista kontrollen og rulla på taket etter eit samanstøyt med ein snøskavl på E8 i Lavangsdalen.

Politiet i Troms la ut melding om trafikkuhellet like før klokka 08, og politiet rykka ut til staden.

– Eg har fått tilbakemelding frå patruljen om at det ikkje er personskade, opplyser operasjonsleiar i Troms politidistrikt, Roy Tore Meyer til NRK.

Det vil no vere oppryddingsarbeid på vegen, og politiet dirigerer trafikken på staden. Det vil vere ein liten stans mens bilberging går føre seg, men ein køyrebane er open.